Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
I dag gjer regjeringa det vanskelegare for folk å skaffe seg jobb, og vanskelegare for bedriftene å skaffe seg arbeidskraft.\n \nInnstramming i innleige-reglane vil kunne få konsekvensar for dei 250 000 enkelt-menneske som står utan arbeid. Berre i fjor hjelpte bemanningsbransjen 75 000 personar å få ein fot innanfor arbeidslivet, ifølge NHO. Og Manpower seier at 40% av dei som fekk arbeid via dei, fekk tilbod om fast arbeid hos det selskapet som leigde dei inn.\n\nHeile og faste stillingar skal sjølvsagt vere normalen i Norge. Men for nokre er bemanningsbransjen første steget inn i ny jobb. Konsekvensen av det som nå skjer er at fast tilsette i bemanningsbyrå i staden kan bli midlertidige tilsette i ei bedrift.\n \nBerre 3 prosent av næringslivet er fornøgd med regjeringa. I dag ser vi nok ein gang kvifor. \n\nEg har vore i kontakt med fleire bedrifter i Sogn og Fjordane som nå får det vanskelegare, og det i ulike bransjar. For mange bedrifter er det rett og slett svært vanskeleg å drive næring utan at ein av og til må ha høve til å leige inn arbeidskraft. \n\nDå eg nyleg tok opp utfordringa sjømat-industrien ville få med dei nye reglane, blei eg møtt med ei generelt svar frå arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) som viste at ho ikkje hadde sett seg inn i problemstillingane i det heile.

Postet:
2022-12-12 17:51:37