Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
I dag har Finansavisen ein artikkel om Knutholmen i Kalvåg i Bremanger kommune. Kysthotellet, som avisa kallar det, har vore eigd av familien Fosse i tre generasjonar. Sjølv kallar dei det eit familiedrive hotell der heile familien har bidrege til å byggje opp ein plass som tek vare på kystkulturen og kysthistoria🤗🙌\n\nEg har følgt med Svein Inge Fosse & Co heilt sidan eg sjølv hadde sommarjobb med å pusse opp den første forretninga hans på midten av 1980-talet. Det som har hendt i Kalvåg dei siste 30 åra er rett og slett eit eventyr. Nå er det sonen, Jan Fredrik Fosse, som styrer på dag og natt.\n\nEg legg ved eit bilde av Svein Inge som eg tok for nokre år sidan, og bildet Finansavisen har av Jan Fredrik. Det store bilde illustrerer kva dette handlar om; Kystkultur, fantastisk mat og ein enorm arbeidsinnsats💐👏👏👏\n\nSaka i Finansavisen gjeld rammevilkåra for næringslivet vårt, og at vi nå har fått eit så sterkt skattepress mellom anna pga formueskatten, at vi står i fare for å bryte ned initiativ og skaparkraft. Det må vi rett og slett unngå. Det vil mest av alt gå utover næringslivet i distrikta.

Postet:
2022-12-30 18:35:25

Delt innhold:
Photos from Olve Grotle's post