Beta
Søket ga 1100 treff.

Denne målingen i Vårt Land er hyggeleg med 12,5 %. Det ikkje noko anna å gjera enn å stå på vidare. Kva saker meiner du er viktige å jobba med utover hausten?

Jon Georg Dale vert ny samferdselsminister og Bård Hoksrud bli ny landbruksminister, Kjell Børge Freiberg blir ny olje- og energiminister. Vil gratulere dei med det og særleg Freiberg som kjem frå næringskomiteen på Stortinget. Trur ny samferdselsminister kan vera godt nytt for bomringen på Nord Jæren sidan Dale ikkje er ein statsråd som er oppteken av å skulda på andre, men tek ansvar for politikken. Eg skal og gje Hoksrud ein sjanse til å visa seg fram på landbruksfeltet. Vonar han er tydelegare enn det Dale har vore i rovdyrpolitikken.

Det pågår ein diskusjon om kven som innfører bompengar. Er det kommunar, fylkeskommunen eller Statens vegvesen? Svaret er ingen av dei. Rett svar finn ein lett om ein les veglova. Det er kun «departementet» (her: samferdselsdepartementet) som kan fastsetje bompengar i Noreg. Det er difor berre ein person som kan løyse bompengefloka på Nord-Jæren og det er samferdselsministeren. Eg er heilt trygg på at han vil få samtykke frå stortinget til å redusera rushtidsavgifta om han ber stortinget om det.

Regjeringa skryt ofte over at dei har redusert formueskatten. Samstundes møter eg mange private næringsdrivande som fortel at dei har fått til dels kraftig skjerping av formuesskatt på såkalla arbeidande kapital. Dette vil eg finne ut av. Driv du ei bedrift og har opplevd auka formuesskatt på arbeidande kapital dei siste åra så høyrer eg gjerne frå deg.

På min 6. oljemesse i Stavanger. No høyrer me på Mr. mythbuster Karl Eirik Schjøtt-Pedersen

Eg meiner stortinget si moglegheit til å stilla skriftlege spørsmål til statsrådane er ei viktig kjelde til informasjon og for å føra kontroll med regjeringa. Eg har dei siste åra vore mellom dei på stortinget som har vore mest aktiv med spørsmål. Eg har ei klar kjensle at det vert stadig vanskelegare å få svar på det som det vert spurt om. Særleg gjeld dette statsrådane frå FrP. Det er synd og seier nok noko om att statsrådane ser på seg sjølv som noko viktigare enn Stortinget. Arroganse er det viktig å kjempa mot - så eg trur rett og...

Kort og effektiv tur til Pisa med stortingsgruppa. Vi møtte blant annet femstjernersbevegelsen som er Italias største parti. Vi møtte også den Italienske landbruksorganisasjonen. Dei var opptekne av jordvern, ulv, villsvin og EUs forslag til kutt i jordbruksoverføringene. Kan ellers oppsummere reisen med: «varmt og godt» «masse natur» «mye god mat» «masse flotte mennesker»

Er kryptovaluta, som til dømes Bitcoin, ein ny effektiv valuta eller er det det største «pyramidespelet» verda nokon gong har sett? Det som er sikkert er at produksjon/utvinning av valutaen krev enorme mengder energi. Er det fornuftig bruk av straumen vår? Eg har ikkje teke stilling til om det er rett at utvinning av kryptovaluta skal ha redusert el-avgift. Eg meiner likevel ein bør greie ut om det bør vera mogleg å skilje ut slik verksemd frå anna type datasenter. Så kan ein jo spørje om utvinning av kryptovaluta er mindre viktig enn lagring av statuser og bilete av middagstallerkener...

Grilling og medlemsmøte hos Sandnes Sp. Triveleg tradisjon. I år er stortingsrepresentant Heidi Greni gjest.

No må kommunalministeren Monica Mæland og regjeringa vise eit minimum av respekt for folk i Nord-Norge. Regionreforma som H, Frp, V og KrF står bak har vore utvikla etter innfallsmetoden og utan styring. Eg har stor respekt for måten politikarar og folk i Troms og Finnmark har stått opp mot trugsmål og press frå regjeringa.

11. juli kommenterer eg Sandberg-saka i Fiskeribladet fyrste gong. Eg seier då: «Sandberg må være klar over de politiske problemstillingene som hans engasjement reiser, og jeg går ut fra at dette er klarert med statsministeren» Eg har også stilt nokre spørsmål om korleis hans besøk til og engasjement for Iran kunne påverke eksporten til vår 4. største marknad for sjømat USA. I dag fekk eg svar på korleis utanriksministeren ser på at regjeringa var representert ved feiringa av den islamske revolusjonen. Eg er litt overraska over at ho seier det er heilt normalt. (Men headingen på oversendinga er legendarisk) Og...

Og ellers truer Mæland med at alle barn som ikkje spiser opp lørdagssnopet er nødt å vera oppe til langt på kveld.

«Me har forenkla for 15 milliardar kroner sidan 2011» skryt næringsministeren. Det som er så rart er at eg ikkje har møtt nokon bedrifter som seier «no har det jammen blitt enkelt» Sjølvsagt er det heilt sikkert døme på ting som er blitt forenkla mellom anna gjennom teknologi. Men: Eg meiner det er uheldig når næringsministeren bruker eit språk som mange næringsdrivande ikkje kjenner seg att i. https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Sporsmal/Skriftlige-sporsmal-og-svar/Skriftlig-sporsmal/?qid=73000

Har vore tre travle dagar og to lange kvelder på Arendalsveka. Deltok i debatter om grensehandel, jordbruk, Rogalandspolitikk, forenkling, små og mellomstore bedrifter, genteknologi og handel. Hadde møter med Pelagisk forening, Veterinærforeningen, Kystskogbruket, Nye Veier, Sjømannsforbundet og Brønnøysundsregisteret. Det er litt spesielt å gå rundt i Arendal - det er mykje folk - og ein kjenner «halvparten» av dei. «Hei», «Hei», «Hei», «Takk for sist», Hei». Men: Arendal bra - heime best. (Bilete er frå debatt om bioteknologi - og bilete er rappa frå Bioteknologirådet)

Det feires

Eg vil sjølvsagt ynskje den nye fiskeriministeren Harald Tom Nesvik lukke til med oppgåva. Fint å få ein røynd politikar som fiskeriministar. Det står store oppgåver framfor både han og stortinget det neste året. Eg vonar han vil leggja opp til ei arbeidsform som kan skape solide fleirtal for viktige vegval for fiskeri og oppdrettsnæringa. Nesvik er ein politikar som ofte nyttar utestemme og som har høg terskel for å bli fornærma. Det likar eg og ser fram til gode og harde debattar til beste for demokratiet og næringa.

Sjølv om det no skulle vise seg at Per Sandberg må gå av som statsråd er det særs viktig at Stortinget får svar på dei spørsmål som er stilt. Det fordi dei seier noko om tryggleikskulturen i regjeringa - og ikkje minst meiner eg det er grunn til å stille spørsmål ved om Erna Solberg sin leiarstil - der det meste er akseptabelt - er ein av årsaken til at dette har skjedd. No må det bli ro om «personalpolitikken» slik at me kan flytte merksemda over på alle dei viktige fiskeripolitiske sakene som Stortinget må skal ta stilling til.

No forsøker Dale å selja tomgods her: 1. Det er ikkje snakk om «nye» pengar. Avlingskadeerstatning er ei regelstyrt ordning med ei overslagsbevilgning i statsbudsjettet. Det vil seie at regjeringa gjer eit overslag på kor mykje som trengs - og bommar dei - så er det automatikk i at løyvinga vert justert. Det er til dømes det same som med kontantstøtta. Om det viser seg at 1000 fleire ungar, enn regjeringa har rekna med, skal ha kontantstøtte så må regjeringa/stortinget auke løyvinga. Ingen vil finne på å kalle dette ei satsing på kontantstøtta. 2. Reforhandling av jordbruksavtala er ingenting verdt...

Eg fekk sjølv invitasjon til å delta på feiringa av seieren for den islamske revolusjonen i Iran. For meg var det totalt uaktuelt å takke ja til å feire innføringa av eit konservativt islamsk prestestyre. Det gjorde eg fordi eg tek avstand frå regimet i Iran.

13,6 % oppslutning i denne målinga er motiverande.

Laster...
Laster...