Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
No forsøker Dale å selja tomgods her: 1. Det er ikkje snakk om «nye» pengar. Avlingskadeerstatning er ei regelstyrt ordning med ei overslagsbevilgning i statsbudsjettet. Det vil seie at regjeringa gjer eit overslag på kor mykje som trengs - og bommar dei - så er det automatikk i at løyvinga vert justert. Det er til dømes det same som med kontantstøtta. Om det viser seg at 1000 fleire ungar, enn regjeringa har rekna med, skal ha kontantstøtte så må regjeringa/stortinget auke løyvinga. Ingen vil finne på å kalle dette ei satsing på kontantstøtta. 2. Reforhandling av jordbruksavtala er ingenting verdt om det ikkje samstundes vert lova ei auka økonomisk ramme. Det er ingen nytte å ta pengar frå til dømes bøndene i Nord-Norge eller å redusera andre tilskot for å finansiera ei «krisepakke». 3. Mitt inntrykk er at bøndene no er skuffa og fortvila over staten/regjeringa. I den alvorlege situasjonen jordbruket/bønder er i no trengs det pengar og ikkje «lik og del» status på Facebook frå landbruksministeren. Problemet er ikkje Dagsrevyen - problemet er tørka og regjeringa si passive haldning.

Postet:
2018-08-09 06:55:44

Delt innhold:
Jon Georg Dale
I motsetning til inntrykket ein kunne få i Dagsrevyen i kveld, slik er dagen kort oppsummert: 1. Vi varsler at vi kjem til å tilleggsbevilge i størrelsesorden 1 mrd. Kroner i år for å handtere avlingsskadene. 2. Vi inviterer jordbruket til å reforhandle jordbruksavtalen for 2018 for å finne ytterlegare tiltak for å avhjelpe. 3. Vi fortsett samarbeidet for å handtere den ekstraordinære situasjonen.