Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
11. juli kommenterer eg Sandberg-saka i Fiskeribladet fyrste gong. Eg seier då: «Sandberg må være klar over de politiske problemstillingene som hans engasjement reiser, og jeg går ut fra at dette er klarert med statsministeren» Eg har også stilt nokre spørsmål om korleis hans besøk til og engasjement for Iran kunne påverke eksporten til vår 4. største marknad for sjømat USA. I dag fekk eg svar på korleis utanriksministeren ser på at regjeringa var representert ved feiringa av den islamske revolusjonen. Eg er litt overraska over at ho seier det er heilt normalt. (Men headingen på oversendinga er legendarisk) Og med det saka om Per Sandberg avslutta for min del. Per er nå privatperson. Det er ikkje berre ad hukk (ad hoc) men permanent. Eg vil takke Per Sandberg for samarbeidet. Eg meiner han har vore flink til å vera ute og møte næringa, men dårleg i det politiske handverket på Stortinget. Så er det naturleg at nokon føl opp om denne saka er eit uttrykk for manglande tryggleikskultur i regjeringa. Det vert ikkje meg. Det har vore ein spesiell sak der det har skjedd mykje rart. Og det har vore vanskeleg å forhalde seg til saka fordi det som er offentleg og det som er privat heng så tett saman. Eg har sett på det eg har sagt om saka og eg står, også sett frå etterpåklokskapen sin ståstad, inne for kvart eit ord.

Postet:
2018-08-17 18:53:54

Delt innhold:
Bilete frå innlegget til Geir Pollestad - Senterpartiet