Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Er kryptovaluta, som til dømes Bitcoin, ein ny effektiv valuta eller er det det største «pyramidespelet» verda nokon gong har sett? Det som er sikkert er at produksjon/utvinning av valutaen krev enorme mengder energi. Er det fornuftig bruk av straumen vår? Eg har ikkje teke stilling til om det er rett at utvinning av kryptovaluta skal ha redusert el-avgift. Eg meiner likevel ein bør greie ut om det bør vera mogleg å skilje ut slik verksemd frå anna type datasenter. Så kan ein jo spørje om utvinning av kryptovaluta er mindre viktig enn lagring av statuser og bilete av middagstallerkener på Facebook. Kryptovaluta er ikkje knytt til nokon sentralbank og er heller ikkje noko knytt til ein underliggjande økonomi. Så det er prinsipielt ikkje noko skilnad på å investera i bitcoin og å investera i pins. Eg trur altså at kryptovaluta er ein flopp. Eit slags pyramidespill som er dømt til å bryte saman. Verdien av kryptovaluta kan regnes ut med denne formelen: «grådighet i verda» * «dumskap i verda» = «verdi av kryptovaluta» Så kan det jo vera at eg ikkje legg nok vekt på at kryptovaluta kan vera så attraktivt for kriminelle at det greier å halde liv i valutaen. Så her er det berre å fyre laus om at eg er ein tulling som ikkje har forstått noko som helst av blokkjedeteknologi. Hugs også å ta skjermdump slik at du kan sende til meg om 10 år om det skulle visa seg at eg tok feil. Eg trur likevel eg har rett. Alt som er for godt til å vera sant - er mest sannsynleg akkurat det.

Postet:
2018-08-21 09:19:38