Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Har vore tre travle dagar og to lange kvelder på Arendalsveka. Deltok i debatter om grensehandel, jordbruk, Rogalandspolitikk, forenkling, små og mellomstore bedrifter, genteknologi og handel. Hadde møter med Pelagisk forening, Veterinærforeningen, Kystskogbruket, Nye Veier, Sjømannsforbundet og Brønnøysundsregisteret. Det er litt spesielt å gå rundt i Arendal - det er mykje folk - og ein kjenner «halvparten» av dei. «Hei», «Hei», «Hei», «Takk for sist», Hei». Men: Arendal bra - heime best. (Bilete er frå debatt om bioteknologi - og bilete er rappa frå Bioteknologirådet)

Postet:
2018-08-17 00:08:34