Innlegg:
Det pågår ein diskusjon om kven som innfører bompengar. Er det kommunar, fylkeskommunen eller Statens vegvesen?
Svaret er ingen av dei. Rett svar finn ein lett om ein les veglova. Det er kun «departementet» (her: samferdselsdepartementet) som kan fastsetje bompengar i Noreg.
Det er difor berre ein person som kan løyse bompengefloka på Nord-Jæren og det er samferdselsministeren. Eg er heilt trygg på at han vil få samtykke frå stortinget til å redusera rushtidsavgifta om han ber stortinget om det.
Postet:
2018-08-30 06:30:42