Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Eg meiner stortinget si moglegheit til å stilla skriftlege spørsmål til statsrådane er ei viktig kjelde til informasjon og for å føra kontroll med regjeringa. Eg har dei siste åra vore mellom dei på stortinget som har vore mest aktiv med spørsmål. Eg har ei klar kjensle at det vert stadig vanskelegare å få svar på det som det vert spurt om. Særleg gjeld dette statsrådane frå FrP. Det er synd og seier nok noko om att statsrådane ser på seg sjølv som noko viktigare enn Stortinget. Arroganse er det viktig å kjempa mot - så eg trur rett og slett at eg vil halde fram med å stilla dei spørsmål.

Postet:
2018-08-24 10:15:39

Delt innhold:
Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til finansministeren
Kor mykje pengar har ulike statlege organ brukt på å vera tilstade på «Arendalsuka»?