Beta
Søket ga 333 treff.

På veg heim etter kjekk helg i Kristiansund med denne gjengen: Møre og Romsdal Venstre! Annika Brandal - V Pål Farstad Solveig Schytz Venstre

Straffeskatten på bedrifter som tilset folk med høg utdanning skulle vere "midlertidig". No sit regjeringa i budsjettkonferanse, og har sjansen: Gi beskjed om at sluttdatoen blir 31.12.2023! Venstre Dagbladet Akademikerne Tekna – Teknisk-naturvitenskapelig forening Abelia Bergen Næringsråd

Alternativet til å henge saman, er å bli hengde kvar for oss. No er tida inne for å lage "Team Vestlandet" og ta dei store kampane saman - slik Sparebanken Vest inviterte til på Vestlandskonferansen nylig. Les mitt innlegg i dagens Bergens Tidende her

Dei som byggjer distrikts-Noreg - heilt på ekte! Bli med på ein «mini-safari» på Nordfjordeid\n\nTorsdag 2. mars tok eg ein dag heime på Eid for å treffe nokre av dei folka som satsar og byggjer framtid i vårt vesle hjørne av verda – høyre kva som skjer akkurat no og kva dei er opptatt av. Her er ein lynkjapp rapport:\n\n1) Eid Elektro er historia om ein gjeng lokale elektromontørar som tilbake i 1980 fann ut at dei skulle slå seg saman og starte bedrift - for å drive med elektrikararbeid og installasjon lokalt. 43 år seinare har Eid Elektro nær...

Kva er best for folk og næringsliv i distrikta: At ferjene går i trafikk over fjorden og ein må betale billett, eller at ferjene ligg stille ved kai og er gratis? No blir situasjonen sett på spissen i Møre og Romsdal - eg utfordrar Kommunalministeren til å svare

No må Vestlandet og kysten samle seg! Vi har fått den mest Vestlands- og kystfiendtlege regjeringa i manns minne. Næringslivet langs heile kysten er i opprør, statlege arbeidsplassar blir fjerna frå Vestlands-byane, samferdsleprosjekt på Vestlandet blir systematisk nedprioritert, med meir. Viktig sak sett på dagsorden av NRK Vestland! I dag skal eg møte bedrifter heime på Eid for å "ta temperaturen" - så reiser eg til Florø i kveld for å følgje opp saka vidare saman med Vestland Venstre og Kinn Venstre

Heime i Nordfjord etter spennande og lærerike dagar på Færøyane med sjømat og havbruk som tema! Færøyane er eit fascinerande øyrike vest i havet. 55.000 innbyggjarar som held på sitt eige språk (som er lett å lese for ein nynorsk-brukar), har verdas eldste parlament, og som i lynne og levemåte er svært nær oss vestlendingar sjølv etter alle hundreåra sidan vi var del av same rike.\n\nVi - ein delegasjon politikarar frå Ap, Høgre, Venstre og Frp samt representantar for Sjømat Norge og sjømatnæringa elles - var rundt og besøkte havbruksselskapa på Færøyane – mellom anna Hiddenfjord som no har kutta...

Venstre helsar «Vestlands-opprøret» velkomen

Stortingsreprentant Alfred Bjørlo støttar nytt skatteinitiativ. – Eg og Venstre helsar velkomen kampanjen Knut Flakk og Roger Hofseth drar i gang for å sikre norsk eigarskap i næringslivet, og at dei slår alarm om korleis rammevilkåra for lokalt eigarskap no blir rasert av Ap/Sp-regjeringa i...

Treklyngen på Follum, OmTre og Sirktre: På sporet av ei sirkulær framtid – og Noregs første «omvende sagbruk»!\n\nNylig var Venstre-stortingskollega Ola Elvestuen og eg på besøk til Follum ved Hønefoss saman med Venstre sine fylkestingsmedlemmer i Viken Venstre, Solveig Schytz og Tove Hofstad, og Ringerike Venstre.\n\nPå industriområdet til Viken Skog SA (tidlegare Norske Skog Follum sin papirfabrikk) er planane for framtida klare. Treklyngen har hand om eit 1000 mål ferdig regulert industriområde med rikeleg tilgang til fornybar energi og store planer om nye, grøne industrietableringar - med gjenvinning av råstoff og varme.\n\nEi av dei aller mest spennande bedriftene på området...

lava Ukraini - leve Ukraina! \nI dag er det eitt år sidan Russland starta sin fullskala krig mot Ukraina. Det var starten på dei mest omfattande og grufulle krigshandlingane i Europa sidan 1945. \nEitt av Putin sine fyrste mål, var å ”ta ut” Ukraina sin president Volodomyr Zelenskyj. Det lukkast dei ikkje med. President Zelenskyj har synt leiarskap og stått i front for eit folk som har klart å stå opp mot ei av verdas største og mest hensynslause militærmakter. Med ei ufatteleg offervilje og heltemot – og med våpen i hand. \nVi i Noreg har støtta – og skal...

Slava Ukraini - leve Ukraina! \n\nI dag er det eitt år sidan Russland starta sin fullskala krig mot Ukraina. Det var starten på dei mest omfattande og grufulle krigshandlingane i Europa sidan 1945. \n\nEitt av Putin sine fyrste mål, var å ”ta ut” Ukraina sin president Volodomyr Zelenskyj. Det lukkast dei ikkje med. President Zelenskyj har synt leiarskap og stått i front for eit folk som har klart å stå opp mot ei av verdas største og mest hensynslause militærmakter. Med ei ufatteleg offervilje og heltemot – og med våpen i hand. \n\nVi i Noreg har støtta – og skal...

Sp-leiar Vedum har sett ned eit nytt offentleg utval for å sjå på framtidas lønsdanning i Noreg. 15 av 16 utvalsmedlemmer er frå Oslo/Bærum. Kvifor er det slik? Har han gløymt å leite etter intelligent liv og fagleg kompetanse utanfor Oslo, eller har han leita og ikkje funne? Eg spør Vedum i spørjetimen i Stortinget i dag - følg gjerne med på Stortingets nett-tv ca kl 11. NRK Vestland Håvard Nyhus

Helse Sør-Øst, med støtte av Helseministeren, vil bygge ut eit nytt gigantsjukehus i Oslo til 40 millardar kroner som verken folk i Oslo eller dei helsefaglege miljø vil ha. For å finansiere utbygginga, blir drifta av dagens Oslo-sjukehus kutta til beinet, avdelingar blir lagt ned og tilsette seier opp i protest mot uforsvarleg arbeidsmiljø. No må galskapen ta slutt. Dette vil gå ut over helsetenestene til folk både i Oslo og i heile Helse Sør-Øst sitt nedslagsfelt, som utgjer over halvparten av alle som bur i Noreg. I dag foreslår Venstre i Stortinget å sette nødbremsen på for nedlegging av...

To viktige saker som eg og Venstre er sterkt engasjert i skal opp til debatt på Stortinget i dag:\n\n1. Forslag om å forenkle brukthandellova, slik at Eva Cayukshuk i Upscale på Sandane og andre som driv med gjenbruk og redesign landet rundt kan sleppe dagens meiningslause byråkrati, som straffar dei som vil handle og kjøpe brukt framfor dei som handlar nytt (forslag frå Høgre, men eg er saksordførar i saka og Venstre støttar 100%)\n\n2. Forslag frå Venstre om å gjere det lettare å «ta med seg jobben der du vil» og legge til rette for eit meir staduavhengig arbeidsliv –...

Venstre vil ha slutt på Vedums politikk for å velte Vestlandet. Vi vil gjere livet lettare for dei bedriftene som er norsk og lokalt eigde, ikkje straffe dei med fleire særskattar som utanlandske eigarar og statleg eigarskap slepp. Les mitt innlegg i Firda her \n

No er det alvorets time for Vestlands-bedriftene - og andre lokalt eigde bedrifter landet rundt!\n\nFredag brukte eg dagen saman med lokale Venstre-folk frå Vestland Venstre og Bjørnafjorden Venstre til å besøke nokre typiske Vestlands-bedrifter, og få direkte og uvaska innspel på korleis dei opplever kvardagen og ser på framtida. Er det verkeleg så ille som ferske tal frå NHO Vestlandet, Bergen Næringsråd og næringsråda elles på Vestlandet syner, at framtidstrua (unntatt petroleumsnæringa) aldri har vore dårlegare og tilliten til dei som styrer aldri har vore lågare?\n\nBedriftsbesøka – som føyer seg i rekka av andre samtaler og bedriftsbesøk den siste tida...

No er det alvorets time for Vestlands-bedriftene - og andre lokalt eigde bedrifter landet rundt!\n\nFredag brukte eg dagen saman med lokale Venstre-folk frå Vestland Venstre og Bjørnafjorden Venstre til å besøke nokre typiske Vestlands-bedrifter, og få direkte og uvaska innspel på korleis dei opplever kvardagen og ser på framtida. Er det verkeleg så ille som ferske tal frå NHO Vestlandet, Bergen Næringsråd og næringsråda elles på Vestlandet syner, at framtidstrua (unntatt petroleumsnæringa) aldri har vore dårlegare og tilliten til dei som styrer aldri har vore lågare?\n\nBedriftsbesøka – som føyer seg i rekka av andre samtaler og bedriftsbesøk den siste tida...

Heile det politiske miljøet i Noreg (unnateke partiet Rødt) står saman for å hjelpe Ukraina til å vinne krigen - og gjennom det vinne freden og fridomen.\nVenstre foreslo før jul ein støttepakke på 75 milliardar kroner til å hjelpe Ukraina. I dag signerte Guri Melby saman med dei andre partileiarane og Statsministeren Nansen-programmet på 75 milliardar kroner, med Ukraina sn president Zelenskyj til stades digitalt.\n\nDet skulle berre mangle at vi stiller opp. Ukraina tar kampen for oss alle – for fridomen og for demokratiet, mot tyranni og diktatur. Dei kjempar også med våpen, og det skal vi støtte dei i....

Den siste tiden har vi jobbet sammen med de andre partiene på Stortinget for å finne frem til en enighet om støtte til Ukraina. \n\nHelt fra starten har Venstre vært krystallklare på at vi må gjøre alt i vår makt for å støtte Ukraina – både militært og sivilt. \n\nPartiene, utenom Rødt, har nå kommet til enighet og Ukraina-programmet legges frem senere i dag. \n\n#SlavaUkraini 🇺🇦

Ei meir forståeleg og betre straumstøtte-ording er bra, men berre brannsløkking. No er det på overtid med å få på plass betre ordningar for å finansiere energisparing og god, gammaldags ENØK for folk flest - og betre straumpris-kompensasjon for bedriftene. Venstre

Laster...
Laster...