Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Treklyngen på Follum, OmTre og Sirktre: På sporet av ei sirkulær framtid – og Noregs første «omvende sagbruk»!\n\nNylig var Venstre-stortingskollega Ola Elvestuen og eg på besøk til Follum ved Hønefoss saman med Venstre sine fylkestingsmedlemmer i Viken Venstre, Solveig Schytz og Tove Hofstad, og Ringerike Venstre.\n\nPå industriområdet til Viken Skog SA (tidlegare Norske Skog Follum sin papirfabrikk) er planane for framtida klare. Treklyngen har hand om eit 1000 mål ferdig regulert industriområde med rikeleg tilgang til fornybar energi og store planer om nye, grøne industrietableringar - med gjenvinning av råstoff og varme.\n\nEi av dei aller mest spennande bedriftene på området er OmTre, der vi møtte partner Kristine Nore. Ideen til Omtre ligg i namnet: Det er å legge til rette for foredling av retur-tre i industriell skala: At brukt tre kan få same kvalitet, pris og tilgjenge som nytt trevirke har i dag – i staden for at returtrevirke frå riving og avkapp «går på dynga» som brensel.\n\nDimensjonane i det Kristine&co driv med, er enorme. Når dei målet med det svære nasjonale prosjektet SirkTRE, som Omtre har prosjektansvar for, skal 1 million kubikkmeter med trevirke kome i ny bruk framfor å brennast før 2030. Det vil åleine stå for nær 10% av Noreg sine forpliktingar om klimakutt i Parisavtalen!\n\nOg første steg tar dei no på Follum. Her er OmTre i startgropa med å etablere eit «omvendt sagbruk», der returvirke skal sorterast, kvalitetssikrast og foredlast til produkt marknaden etterspør. Kristine (som også er Venstre-medlem, og har doktorgrad i treforsking) – gløder av begeistring for prosjektet. - Jeg er kanskje verdens største skrotnisse på tre, men i sirkulærøkonomien er det de beste skrotnissene som vinner, ler Kristine.. \n\n Ola og eg lot oss begeistre. Det vi såg på Follum, er sirkulærøkonomi i praksis. Krav til ombruk vil kome stadig sterkare i alle typar byggeprosjekt. Då MÅ den type løysingar Omtre og SirkTre no klekker ut bli «hyllevare» i løpet av få år. Og Ringerike kan vere stolte av å vere heimstad for dette heilt unike «tre-miljøet». Dette vil det garantert bli milliard-investeringar og hundrevis av nye arbeidsplassar av i åra som kjem!\n\nJa, og så fekk vi også den perfekte overgangen frå ei lang arbeidsveke til helg: Vi besøkte Gran Spiritus– eit nystarta, familiedreve handverksdestilleri etablert som lagar kortreist gin, whisky og likør på bygg og rug fra eigen gard – og med lokalt produsert energi frå sol og skog! \n\nGran Gårdsgin kan du akkurat i desse dager for fyrste gong få tak i på Vinmonopolet. Ola og eg går 100% god for at det er verdt å prøve!

Postet:
2023-02-26 21:18:45

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post