Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre

Parti: V

Innlegg:
lava Ukraini - leve Ukraina! \nI dag er det eitt år sidan Russland starta sin fullskala krig mot Ukraina. Det var starten på dei mest omfattande og grufulle krigshandlingane i Europa sidan 1945. \nEitt av Putin sine fyrste mål, var å ”ta ut” Ukraina sin president Volodomyr Zelenskyj. Det lukkast dei ikkje med. President Zelenskyj har synt leiarskap og stått i front for eit folk som har klart å stå opp mot ei av verdas største og mest hensynslause militærmakter. Med ei ufatteleg offervilje og heltemot – og med våpen i hand. \nVi i Noreg har støtta – og skal halde fram å støtte – Ukraina. Også med våpen. Fordi våpenkvile no, betyr at Putin vinn. Det vil vere ei katastrofe for det ukrainske folket. Og Ukrainas kamp for demokrati, fridom og sjølvråderett er også vår kamp for demokrati, fridom og sjølvråderett.\nFor gløym ikke at Noreg, akkurat som Ukraina, er eit naboland av Russland. Og Noreg har akkurat som Ukraina opplevd å vere under angrep av ei framand militærmakt leia av ein brutal diktator. Ein diktator det tok mange lange år å nedkjempe. Men som vi i ettertid er sjeleglade vi tok kampen mot, og ikkje gjekk for nøytralitet eller våpenkvile i ei tidleg fase av den andre verdskrigen. \nFred no er ein falsk fred. Det er Putins fred. Ikkje Ukraina sin fred. Ikkje vår fred. \nPutin og partiet Raudt får få leve i sine påfallande parallelle fantasiverder. Vi andre må leve i den verkelege verda. Der folk skal ha ei framtid i fridom. Der Ukraina skal og må vinne, og Russland til slutt må stå til ansvar for krigsbrotsverka dei står bak.\nDet er ei tid for alt. No er det tida for å halde ut. Saman. Slava Ukraini - leve Ukraina.

Postet:
2023-02-24 07:38:09

Delt innhold: