Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre

Parti: V

Innlegg:
To viktige saker som eg og Venstre er sterkt engasjert i skal opp til debatt på Stortinget i dag:\n\n1. Forslag om å forenkle brukthandellova, slik at Eva Cayukshuk i Upscale på Sandane og andre som driv med gjenbruk og redesign landet rundt kan sleppe dagens meiningslause byråkrati, som straffar dei som vil handle og kjøpe brukt framfor dei som handlar nytt (forslag frå Høgre, men eg er saksordførar i saka og Venstre støttar 100%)\n\n2. Forslag frå Venstre om å gjere det lettare å «ta med seg jobben der du vil» og legge til rette for eit meir staduavhengig arbeidsliv – ikkje minst i statsforvaltinga. Dette er enormt viktig distriktspolitikk – som i dag blir «sperra inne» av eit gammaldags regelverk og dårleg utvikla kultur for fjernarbeid i mange statlege etatar.\n\nKryssar fingrane for at vi får støtte. Er i alle fall klar for debatt og ein lang dag i salen! (13 andre saker i tillegg). Vil du følgje med, sjekk www.stortinget.no

Postet:
2023-02-21 07:20:13

Delt innhold: