Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Heile det politiske miljøet i Noreg (unnateke partiet Rødt) står saman for å hjelpe Ukraina til å vinne krigen - og gjennom det vinne freden og fridomen.\nVenstre foreslo før jul ein støttepakke på 75 milliardar kroner til å hjelpe Ukraina. I dag signerte Guri Melby saman med dei andre partileiarane og Statsministeren Nansen-programmet på 75 milliardar kroner, med Ukraina sn president Zelenskyj til stades digitalt.\n\nDet skulle berre mangle at vi stiller opp. Ukraina tar kampen for oss alle – for fridomen og for demokratiet, mot tyranni og diktatur. Dei kjempar også med våpen, og det skal vi støtte dei i. Utan våpen er Ukraina sin fridomskamp fåfengt.\n\nI dag synte Noreg at vi står samla (nesten – Raudt har brukt over eitt år på sine interne seminar om vi skal stille opp for eit lite land som blir overfalt av eit imperialistisk diktatur- dei om det) i kampen for at Ukraina skal vinne krigen, og dermed vinne freden og fridomen tilbake.\n\nSlava Ukraini! 🇺🇦🇺🇦💚💚

Postet:
2023-02-16 15:44:08

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post