Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Heime i Nordfjord etter spennande og lærerike dagar på Færøyane med sjømat og havbruk som tema! Færøyane er eit fascinerande øyrike vest i havet. 55.000 innbyggjarar som held på sitt eige språk (som er lett å lese for ein nynorsk-brukar), har verdas eldste parlament, og som i lynne og levemåte er svært nær oss vestlendingar sjølv etter alle hundreåra sidan vi var del av same rike.\n\nVi - ein delegasjon politikarar frå Ap, Høgre, Venstre og Frp samt representantar for Sjømat Norge og sjømatnæringa elles - var rundt og besøkte havbruksselskapa på Færøyane – mellom anna Hiddenfjord som no har kutta ut all flyfrakt av laks og kun transporterer laks rundt i verda med båt for å kutte klimautslepp - og vi besøkte færøyiske styresmakter.\n\nVi opplevde eit land der det er mykje tettare samarbeid og dialog mellom næring og styresmakter enn det Vedum&co kløner rundt med i Noreg om dagen, og der ein har klart å rigge eit skattesystem som både gir store og føreseielege inntekter til fellesskapet, samtidig som det er mulig for næringa å utvikle seg og skape lokal aktivitet og arbeidsplassar i dei mange småsamfunna i øyriket. \n\nIkkje alt er direkte overførbart til Noreg – men hovudessensen er at færøyiske styresmakter har valt dialog og samarbeid med si viktigaste kystnæring i staden for konflikt og «overrumpling». Det er det mykje å lære av. No veks inntektene til fellesskapet jamnt og trutt samtidig som havbruksnæringa også utviklar seg – og hjelper Færøyane å bli stadig meir uavhengig av penge-overføringar frå København.. (..kanskje det er nettopp dette "skrekk-scenariet" Vedum og Støre frå sine kontor i Oslo også ser når dei kikkar over fjellet til Vestlandet..)\n\nFærøyane er også eit fantastisk vakkert og eksotisk land å vitje! Gjestfrie folk som kanskje tek ekstra godt imot nordmenn – berre ein dryg times flytur mot vest frå Bergen (også direktefly frå Oslo). Tur til Færøyane kan tilrådast til alle - skulle gjerne ha vore der eit par dagar til og berre vore turist!

Postet:
2023-03-01 22:58:55

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post