Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
No er det alvorets time for Vestlands-bedriftene - og andre lokalt eigde bedrifter landet rundt!\n\nFredag brukte eg dagen saman med lokale Venstre-folk frå Vestland Venstre og Bjørnafjorden Venstre til å besøke nokre typiske Vestlands-bedrifter, og få direkte og uvaska innspel på korleis dei opplever kvardagen og ser på framtida. Er det verkeleg så ille som ferske tal frå NHO Vestlandet, Bergen Næringsråd og næringsråda elles på Vestlandet syner, at framtidstrua (unntatt petroleumsnæringa) aldri har vore dårlegare og tilliten til dei som styrer aldri har vore lågare?\n\nBedriftsbesøka – som føyer seg i rekka av andre samtaler og bedriftsbesøk den siste tida - styrka meg i trua på at no er det alvor. Vestlands-bedriftene ropar ikkje «ulv, ulv». Dei er oppriktig i ferd med å gi opp trua på ei regjering som ikkje kjem dei i møte i vanskelege tider - og ser på verdiskaparane i Vestlandet som ein del av problemet, ikkje som ein del av løysinga.\n\nEit godt døme på kva det handlar om, er Oleana i Arna utanfor Bergen. Ei fantastisk familieeigd tekstilbedrift starta i 1992, som lagar ikoniske strikkekle som har blitt ei norsk merkevare verda over. Dei held til i fabrikklokala til gamle «Arne fabrikker» i Arna, som starta før 1850 og i si tid var Vestlandets største arbeidsplass med 1600 tilsette (!!).\n\nFør pandemien hadde Oleana ca 70 tilsette og ca 50 mill i omsetning, over halvparten eksport. Pandemien traff Oleana knallhardt – og det meste av mange års oppspart eigenkapital gjekk tapt. Så kom ei ny Ap/Sp-regjering som trakka til og skrudde opp formueskatt, verdifastsetjingsgrunnlag og utbyteskatt – samtidig som straumrekninga gjekk i taket og ingen hjelp var å få for ei bedrift i store, gamle fabrikklokale som allereie var hardt pressa økonomisk.\n\nSom Tim Fuglerud, som driv Oleana saman med kona Gerda, seier det om regjeringa og SV sitt skattekøyr mot norskeigde familiebedrifter: «Vi må låne penger for å betale skatt på penger vi ikke har». For verdiane i ei bedrift som Oleana står ikkje på feite bankkontoar: Verdien dei skal betale formueskatt av ligg «i veggane» i dei gamle lokala i Arna, og der forlangar Finansminister Vedum at Tim og Gerda skal hente dei ut stadig større verdiar på magisk vis, gjere dei om til kontantar og flytte dei til ein bankkonto i Oslo.\n\nDette går rett og slett ikkje i lengda. No brenn det eit blått lys for Oleana og mange andre familieeigde bedrifter på Vestlandet og i Noreg elles. Og kastar mange slike bedrifter inn handkleet, då vil det endre Noreg for alltid. Det hjelper ikkje at Senterpartiet lagar smarte slagord om «Nei til sal av Noreg» - når det er med Senterpartiet ved roret at det mangfaldige norske private eigarskapet no blir bygd ned og flytta ut bit for bit.\n\nSame historia gjentok seg på dei neste bedriftsbesøka våre: Hordaland Rørteknikk i bygda Holmefjord i Fusa i Bjørnafjorden. Ei lokalt eigd mellomstor bedrift med ca 30 tilsette som driv med «alt av rør» frå havbruk og VVS til gravearbeid og vasskraft – og no opplever at det har stoppa opp både innanfor vasskraft og havbruk på grunn av brå og uvarsla skatteendringar i haust og seindrektig byråkrati for mikrokraftverk, samtidig som skatteskruen for dei som norskeigd privat bedrift blir stramma til.\n\nOg i nabobedrifta Bogelist: Ei familieigd bedrift som opprinneleg dreiv med tønneproduksjon, men no driv med alt innanfor trelast og byggevarer – og i tillegg er ei av dei fyrste bedriftene på Vestlandet som har satsa tungt på å levere bygge-element i massivtre. Som sjefen sjølv, Øystein Boge, sa det: - Eg høyrer dei seier at Norge går så det susar, men det er ikkje så mykje sus her.\n\nSlik kunne vi halde fram. Det er på den eine sida fantastisk å sjå det mangfaldet av lokalt eigde bedrifter du framleis finn rundt om på små og store stader på Vestlandet – som skaper verdiar, arbeidsplassar og er avgjerande for at lokalsamfunna «går rundt». \n\nMen på den andre sida er desse bedriftene no under press. Ikkje berre på grunn av tøffe tider som råkar alle – men også på grunn av ei regjering som gong på gong stikk der det smertar mest for nettopp desse bedriftene, og ikkje kjem opp med ordningar som kan hjelpe dei i den akutte krisa med høge straumpriser.\n\nKampen for småbedriftene er kampen for Vestlandet si sjel. Dette blir ei av Venstre sine viktigaste saker å løfte i tida framover!

Postet:
2023-02-19 20:49:58

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post