Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Dei som byggjer distrikts-Noreg - heilt på ekte! Bli med på ein «mini-safari» på Nordfjordeid\n\nTorsdag 2. mars tok eg ein dag heime på Eid for å treffe nokre av dei folka som satsar og byggjer framtid i vårt vesle hjørne av verda – høyre kva som skjer akkurat no og kva dei er opptatt av. Her er ein lynkjapp rapport:\n\n1) Eid Elektro er historia om ein gjeng lokale elektromontørar som tilbake i 1980 fann ut at dei skulle slå seg saman og starte bedrift - for å drive med elektrikararbeid og installasjon lokalt. 43 år seinare har Eid Elektro nær 100 tilsette, omset for over 160 mill NOK i året med stadig vekst – og er blant landets fremste fagmiljø på avanserte styringssystem (tavler) i m a veg- og jernbanetunnelar. Og ikkje minst: Ei drivande kraft i samfunnet i Nordfjord – og har vore med å løfte rekrutteringa til elektrofaga med ei fantastisk offensiv haldning til å ta inn haugevis av lærlingar, vere med på felles utviklingsprosjekt i bransjen med meir.\n\nDagens sjef, Tore Hjelle, er heil ved tvers gjennom, og alltid leikent nysgjerrig på kva neste steg kan vere. Eid Elektro har i mange år samarbeidd med nomek.as og andre bedrifter i Stryn om å utvikle nye produkt og konsept – no har dei starta samarbeid med LocalHost AS i Måløy om å utvikle heilt nye løysingar for digitalisering av norsk industri (..heilt nøyaktig kva dei skal gjere går over hovudet på meg, men når både Sindre Kvalheim og Tore har klokketru på det, då er det greitt for meg..).\n\n2) WEST MEKAN Produksjon As er ei forunderlig lite kjent, men desto meir imponerande historie om kva som er mulig å få til i ei lita bygd på Vestlandet. Denne mekaniske produksjonsbedrifta vart starta av ein geskjeftig grunder, Paul Skipenes, i låven heime på garden på 1970-talet, og med fleire andre med om bord etterkvart. \n\nNo er det nevøen Konrad som styrer skuta, slik han har gjort i snart 30 år. Og «i det stille» har dei med base i eit anonymt industribygg på Nordfjordeid blitt verdas største og leiande produsent av stolar til ferjer og hurtigbåtar (og store på design og produksjon av propellsystem) med kundar over absolutt heile verda – med ca 30 tilsette og ei omsetning årleg på ca 70 mill. Og eg skal love at det ikkje handlar om flaks. Det handlar om beinhard jobbing – om å bite tennene saman i tøffe tider, og sørge for at dei er så gode, pålitelege og leverer så høg kvalitet at sjølv verft frå det fjerne Austen, USA og Australia ønskjer båt-innreiing frå Nordfjordeid og West-Mekan. \n\nKonrad er ikkje den som stikk seg mest fram, men få fortener meir respekt enn han for å bygge ei unik bedrift som har stått som ein påle i ei av verdas tøffaste bransjer i tiår etter tiår.\n\n3) Fjord Miljø er ei langt ferskare bedrift (starta i 2017), men har likevel lange røter i lokalt næringsliv. Dagleg leiar Sven-Jørgen Strømmen kjem frå «fiskeoppdretts-slekt» på sørsida av Nordfjorden i Bremanger. No har han selt oppdretts-selskapet og konsentrerer seg 100% for det han brenn aller mest for: Å utvikle nye teknologiløysingar for betre miljø- og berekraft for ei oppdrettsnæring som MÅ miljøomstille seg stadig meir i åra som kjem. Sven-Jørgen og hans folk i Fjord Miljø har utvikla patenterte løysingar for betre utskifting av vatn, for å knekke lakselus-problemet og anna ny havbruks-teknologi. \n\nAkkurat no bygger dei eit fantastisk flott, 1500 m2 stort nybygg for verksemda si på Skårhaug rett utanfor Nordfjordeid sentrum – som Sven-Jørgen ønskjer å utvikle som ein «hub» og moderne møteplass for havbruksteknologi. Sven-Jørgen er eit strålande døme på kva lokal kapital og satsingsvilje betyr. Det han er i gang med no, kan verkeleg bli starten på noko stort!\n\n4) Inviro - Nordfjord Virtuelle Campus er draumen om det umulige: Å samle det påstått «splitta Nordfjord» til eit felles løft for å bygge framtidas infrastruktur for desentralisert høgare utdanning og langsiktig kompetanseutvikling i næringslivet. Tilsynelatande umulig – fram til ein fyr med heilt unike eigenskaper vart sett på saka: Øystein Nes – og han fann tonen med like sprø og herleg naive folk med gjennomføringskraft i Stryn, i Nordfjordakademiet og Nordfjord Opplæringskontor.\n\nSaman har desse folka klart å samle kreftene i Nordfjord på ein måte ingen andre har klart maken til på så kort tid. No er det tidenes felles satsing på lærlingar, på rekruttering og profilbygging – og på å bygge eit nytt kunnskaps-samfunn nedanfrå.\n\nTo konkrete døme på kva Inviro driv med:\n\nA) Nordfjord Smarthus – under bygging på Nordfjordeid, som eit felles utstillingsvindu for all den fantastiske bygg- og energikompetansen som finst i Nordfjord – proppfullt av ny teknologi, og bygd av over 100 yrkesfagelevar ved Eid og Stryn vidaregåande skule som del av deira skulekvardag. Det blir heilt rått!! Opning i løpet av året – Erna har lova å klippe snora – og eg gler meg som ein unge.\n\n😎 «Studentstovene i Nordfjord»: Fleksible og opne lokale for studentar som er i Nordfjord og treng ein plass og eit miljø å vere i – uansett kva institusjon dei studerer i og kvar i verda dei er til dagleg. Den første opna i Stryn i fjor, nr 2 opna på Nordfjordeid i går, nr 3 blir snart rulla ut i Bremanger. Ein strålande oppstart på ei mykje større og meir ambisiøs satsing på fleksibel høgare utdanning i Nordfjord som er på veg – og som eg ikkje har tid å gå i detaljar på no.\n\nSlik! Då var denne korte (?) safarien ferdig. Og dette er berre på éin plass av veldig mange i distrikts-Noreg. Dette er berre nokre veldig få av alle dei folka som bygger det nye distrikts-Noreg nedanfrå.\n\nFor hugs: Ekte distriktspolitikk handlar ikkje om å endre lovene for å gjenopprette gamle små kommuner og fylke, eller anna tullete og dyr symbolpolitikk. Moderne distriktspolitikk handlar tvert imot om å bryte ned og samarbeide MEIR på tvers av gamle grenser – og om å legge til rette for å skape verdiar, arbeidsplassar og nye framtidsretta satsingar i tusenvis av bedrifter med lokalt eigarskap og «varm kapital» over heile landet.\n\nEg kunne sagt mykje her om kva bedriftsleiarane eg møtte i Eid Elektro, West Mekan og Fjord Miljø meiner om dagens regjering og deira undergraving av lokalt og desentralisert eigarskap som no trugar sjølve grunnstrukturen i næringslivet på Vestlandet. Dei kampane må vi ta, for dei er livsviktige – men la det ligge akkurat her. No gler vi oss over dei som trass alt satsar og får det til – og byggjer Noreg nedanfrå!

Postet:
2023-03-04 09:39:33

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post