Beta
Søket ga 333 treff.

Det handlar ikkje om hudfarge. Ikkje om at prinsessa ikkje skal få elske den ho vil. Men når ein person i ein høg samfunnsposisjon prøver å få folk til å tru på ko-ko konspirasjonsteoriar om romøgler og 5G-nettet, påstår at han kan redde folk frå kreft med tankekraft og vil kurere kvinner som har for mange sex-partnarar - då er det faktisk heilt nødvendig å ta til motmæle. Fordi det er samfunnsskadeleg, helsefarleg og likestillingsfiendtleg. \n\nLes kva Abid Raja og eg seier om dette i VG i dag (også VG papir). \n

Inspirerande dag på Steinkjer og InnoCamp Steinkjer! Eit prakteksempel på kva ein kan få til av vellykka distriktspolitikk dersom ein klarer å samle kreftene og bygge sterke felles fagmiljø der det offentlege, privat næringsliv, utdanning og forskning samarbeider, sit «under same tak» og spelar kvarandre gode! \n\nInnocamp er bygd av Steinkjer kommune som ein gedigen «samhandlingsarena» midt i Steinkjer sentrum. Her finn du Nord universitet med campus og 5-600 studentar, Landbruksdirektoratet, NIBIO og Sintef, Innovasjon Norge og over 40 andre små og store bedrifter og offentlege aktørar under same tak. \n\nSærleg imponerande og viktig er Landbruksklynga på Innocamp: Her sit...

Oslo, fredag kveld: Har avrunda ei intens nest siste veke på Stortinget før sommarferien med ein joggetur langs Akerselva, frå sentrum opp til Maridalsvatnet og ned igjen. Ingen vestlending kan på alvor meine at naturen på Austlandet jamnt over kan måle seg med Vestlandet – men Akerselva er ei perle som det er stas å ha i nabolaget i pendlarkvardagen.\n\nEin kjapp rapport frå veka som har gått:\n\n* Debatt om skognæringa og kva som skal til for å løfte norsk skogindustri på Skog&Tre-konferansen på Gardermoen i regi av Norges Skogeierforbund og Det Norske Skogselskap – saman med Næringskomite-kollegaer Per Vidar Kjølmoen...

Kva vil Statsministeren oppnå med å gå til frontalangrep på heile norsk arbeidsliv, og stemple det som “skittent”? Eit gnistrande godt felles svar frå Virke - Hovedorganisasjonen, Næringslivets Hovedorganisasjon, Spekter og KS Kommunesektorens organisasjon. Den norske modellen er å bygge landet saman, ikkje å stemple heile norsk arbeidsliv som lugubert. \n\n

Dyr som har det bra = folk som har det bra = ei litt betre verd. Takk til @teamd1vers1ty for at de tok imot @ingvildwt og meg på eit inspirerande besøk! @venstre.no

Vi har 7 1/2 år på oss før Noreg skal ha kutta klimautsleppa med 55% og vi skal gå frå eit "bruk/kast-samfunn" til ein gjenbrukssamfunn. Byggenæringa står spenn klar til å gjere sin del av jobben - og ønskjer seg strengare krav. Likevel seier Ap/Sp-regjeringa NEI både til å innføre klimakrav til nye bygg og tidsmessig skjerpa krav til gjenbruk av byggemateriale! Dette er heilt utruleg - og kan rett og slett ikkje bli ståande. Eg har stilt spørsmål om saka til Regjeringa allereie. Venstre kjem til å følge opp saka vidare

Heime etter tre flotte dagar i Dublin, som utsending for Venstre på kongressen for liberale parti i Europa (ALDE – Alliance of Liberals and Democrats for Europe – med 70 politiske parti frå 44 land som medlemmer).\n\nDet er lærerikt og inspirerande å få møte folk som brenn for det same som deg i små og store land over heile Europa – frå Island til Ukraina. \n\nIkkje minst å få snakke med liberale politikarar frå Ungarn, der dei slåst med ryggen mot veggen mot Viktor Orban sine stadig meir omfattande forsøk på å undergrave demokratiet, og frå Litauen, som er næraste...

Ukrainas ambassadør og Venstre-leiar Guri Melby har rett: Regjeringa må tette smutthola i sanksjonane mot Russland. Noreg kan ikkje lenger ligge bakpå og vere «oss sjølv nok», medan andre land stiller opp for Ukraina også når det svir økonomisk. \n\n

Gratulerer så mykje til Liv Signe Navarsete som ny Statsforvaltar i Vestland - og ikkje minst med denne krystallklare meldinga! No er det tid for samling om felles framtid, ikkje splitting og omkamp. \n\nMed si tyngde og breie røynsle er eg 100% trygg på at Liv Signe vil gjere ein utmerka jobb i si nye stilling.

Raskare nettutbygging må til for å få fart på det grøne Vestlandet! No samlar Venstre, Høgre, SV og FrP oss på Stortinget for å setje fart på klimaomstillinga - og levere resultat på ei viktig sak for Vestland fylkeskommune og NHO Vestlandet\n\n

Røysterett for 16- og 17-åringar ved lokalval: Nesten, men ikkje heilt! I dag fall Venstre sitt framlegg om røysterett for 16- og 17-åringar ved lokalval med 88 mot 78 røyster i Stortinget. \n\nSenterpartiet, Høgre, Krf og Frp er framleis mot å sleppe fleire ungdommar inn i lokaldemokratiet - medan vi fekk støtte frå Ap, SV, Rødt og MdG til Venstre sitt framlegg. \n\nAlle landets barne- og ungdomsorganisasjonar støttar framlegget - erfaringane frå prøveprosjekt er positive - men likevel kom vi ikkje heilt i mål.. Men vi gir oss ikkje: 16- og 17-åringane skal få kome inn i lokaldemokratiet!

6,1% (+0,6) i Dagbladet, 5,4% (+0,4) i Nrk/Aftenposten i kveld - takk for støtten! 💚

- Frå sjølvråderett til samråderett. Skriv om Noreg og det nye Europa i Nationen i dag

Agder - frå Sam Eyde til Morrow: Turbo-fart inn i ei grøn framtid.\n\nVi er vant til å tenkje at oljen har bygd det moderne Noreg. Strengt tatt er det ikkje sant. Oljealderen (1970 til ca 2030) vil om 100 år framstå som ein kort kuriositet i norsk historie. Det er fornybare naturressursar og kompetanse om å skape verdiar ut frå dei som har bygd Noreg – og vil gjere det i framtida. Her har Agder og Sørlandet leia an før, og er no klar til å gjere det igjen. Bli med Ingvild Wetrhus Thorsvik - Venstre og meg på ein...

Helsenæringane skaper eksportinntekter og arbeidsplassar – og kan skape endå mykje meir!\n\nDenne veka besøkte eg ein av Noregs største og mest merkeleg ukjende bedriftssuksessar: GE Healthcare Lindesnes Fabrikker, i den vesle bygda Spangereid eit par steinkast unna Lindesnes fyr, saman med Venstres Agder-representant Ingvild Wetrhus Thorsvik - Venstre.\n\nGE Healthcare Lindesnes er verdas største og mest avanserte produksjonsbedrift for røngten-kontrastmiddel, med nær 400 tilsette. Saman med avdelingane i Oslo og Horten står GE Healthcare for 2% av fastlands-Noregs samla eksportinntekter, og produserer over 40% av verdas forbruk av kontrastmiddel!\n\nVeldig mange av dei tilsette er fagarbeidarar, og dei jobbar systematisk med å...

Det er mange merkverdige krumspring som blir gjort akkurat no for å unngå lobbyregister og openheit om lobbyisme på Stortinget. Ein rar, gammaldags kultur heng igjen blant dei store partia (Ap, Høgre, Frp og Sp). Her er mine kommentarar til KOM24

- Venstre vil stå krystallklart på demokratiet si side mot diktaturet. \nInnlegg i Bergens Tidende om partiet Raudt sin moralske kollaps i Ukraina-krigen

I dag vedtok Stortinget ny Hundelov - ei sak Venstre tok initiativ til i 2017, og i dag omsider kom på plass! Her er mitt innlegg i debatten \n\n—-\nInnlegg i debatt om Hundelova, Stortinget 24. mai 2022, Alfred Bjørlo (Venstre) \n\nPresident, på søndag gjekk eg tur langs Alnaelva her i Oslo. \n\nEg trur aldri eg har sett så mange hundar ute og gå i heile mitt liv. Det var små hundar, store hundar, av alle raser og fasongar.\n\nPresident, eg håpar du ikkje trur det har tørna for meg, men dei var heilt utruleg mange, og eg synst dei såg på...

Tida er overmoden for å innføre lobbyregister. Debattinnlegg i Aftenposten

Eit svært interessant rådslag i dag mellom Venstre si stortingsgruppe og EAT Foundation v/ Gunhild A. Stordalen og Olav Kjørven, om korleis vi kan fornye norsk landbruks- og matpolitikk på ein måte som gir meir berekraftig landbruk, betre folkehelse, auka sjølvforsyning og betre økonomi/ betre arbeidskvardag for bøndene. \n\nGunhild&co sit i sitt internasjonale nettverk med enormt mykje kunnskap om dei globale «matsystema» - som i dag er heilt ute av kontroll. Over 800 millionar i verda er underernærte. Nær 2 milliardar (herunder mange i Noreg) lid av overvekt og fedme, og får kroniske sjukdommar på grunn av usunt kosthald. Og...

Laster...
Laster...