Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V
Innlegg:
Eit svært interessant rådslag i dag mellom Venstre si stortingsgruppe og EAT Foundation v/ Gunhild A. Stordalen og Olav Kjørven, om korleis vi kan fornye norsk landbruks- og matpolitikk på ein måte som gir meir berekraftig landbruk, betre folkehelse, auka sjølvforsyning og betre økonomi/ betre arbeidskvardag for bøndene. \n\nGunhild&co sit i sitt internasjonale nettverk med enormt mykje kunnskap om dei globale «matsystema» - som i dag er heilt ute av kontroll. Over 800 millionar i verda er underernærte. Nær 2 milliardar (herunder mange i Noreg) lid av overvekt og fedme, og får kroniske sjukdommar på grunn av usunt kosthald. Og på toppen av alt: Ein tredjedel av all mat som blir produsert, blir kasta.. Samtidig som landbruket i dag er ei av dei store kjeldene til klimautslepp, og matproduksjonen også i Noreg er altfor avhengig av importert fôr – både til lands og til havs.\n \nDette krev ei radikal og omfattande nytenking om korleis vi produserer mat, og korleis matproduksjon heng saman med folkehelse, miljøpolitikk og reell framtidsretta distriktspolitikk.\n \nDet arbeidet starta vi på i dag – og er noko av det viktigaste og mest spennande vi kan styre med akkurat i den tida vi er inne i no. \n\nHer må alle gode krefter med på laget. Og sjølv om Gunhild kan vere «skarp i kanten» og likar å provosere og utfordre, er ho enormt kunnskapsrik og med meir heilskaplege perspektiv om ei berekraftig framtid enn dei aller, aller fleste.\n\nEin glimrande start – meir vil kome!
Postet:
2022-05-24 18:56:40
Delt innhold: