Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Oslo, fredag kveld: Har avrunda ei intens nest siste veke på Stortinget før sommarferien med ein joggetur langs Akerselva, frå sentrum opp til Maridalsvatnet og ned igjen. Ingen vestlending kan på alvor meine at naturen på Austlandet jamnt over kan måle seg med Vestlandet – men Akerselva er ei perle som det er stas å ha i nabolaget i pendlarkvardagen.\n\nEin kjapp rapport frå veka som har gått:\n\n* Debatt om skognæringa og kva som skal til for å løfte norsk skogindustri på Skog&Tre-konferansen på Gardermoen i regi av Norges Skogeierforbund og Det Norske Skogselskap – saman med Næringskomite-kollegaer Per Vidar Kjølmoen (Ap) og Torgeir Knag Fylkesnes (SV). Vi må bygge meir i tre og mindre i stål og betong i åra framover – og utnytte ressursane i skogen betre enn i dag, til bioenergi etc.\n\n* Møte med Venstres medlem i Forsvarskommisjonen, Benedicte Røvik. Benedicte frå Hamar (for tida jus-student i Bergen) har fått det særs viktige oppdraget å vere Venstres medlem i Regjeringa sin Forsvarskommisjon, som skal vurdere kva tryggleiks- og forsvarspolitiske veival og prioriteringar Noreg kan ta i ei tid kor det på nytt er krig i Europa, og eit sterkt forsvar og tettare internasjonalt samarbeid er viktigare enn nokon gong før. Benedicte er vidsynt, reflektert og opptatt både av forsvarspolitikk og av å hente råd og innspel frå folk rundt seg. Eg er ikkje det minste i tvil om at ho kjem til å gjere ein strålande jobb i arbeidet med å meisle ut framtidas forsvar.\n\n* Omvising på Stortinget for Opera Nordfjord, saman med benkekollega Erling Sande. Opera Nordfjord har gjestespel på Operaen i Bjørvika dei neste dagane med «Mannen frå La Mancha» - det bør du få med deg!\n\n* Haugevis med møte og arbeidstimar med Næringskomiteen si innstilling til Jordbruksoppgjeret 2022. Venstre har vore opptatt av at vi må starte på ei langsiktig kursendring av norsk landbrukspolitikk i grøn og berekraftig retning – men samtidig ikkje rote oss vekk i spel og taktikkeri rundt årets landbruksoppgjer i ei svært krevjande tid for mange norske bønder. Difor har eg og Venstre vore klare på at vi ikkje vil setje ein ferdig forhandla avtale med organisasjonane i landbruket «i spel» - men vi har samtidig fått viktige gjennomslag i komiteen for å starte med ei betydeleg omlegging av norsk landbrukspolitikk i åra framover.\n\n* Debatt i Stortinget om Energimeldinga – som Venstres mann i Energikomiteen, Ola Elvestuen, har gjort ein formidabel jobb med på våre vegne. Vi har m a fått viktige gjennomslag for å få fart på grøn næringsutvikling på Vestlandet – i godt samarbeid med Vestland fylkeskommune, næringslivet i vest m fl.\n\n* Frukostmøte om korleis vi skal løfte Helsenæringane som ei av dei store nye vekstnæringane i Noreg, i regi av Næringslivets Hovedorganisasjon si nye landsforening for helsenæringane, NHO Geneo. Helsenæringane er ei av dei tre største næringane både i Sverige og Danmark. Eg trur vi kan få til ca det same i Noreg med god politisk jobbing i samarbeid med helsevesenet og næringslivet.\n\n* Så har eg hatt to veldig hyggelige besøk på Stortinget i dag: Først 10. klasse ved Dingemoen skule i Fjaler, som er på Oslo-tur denne veka som avslutning på ungdomsskuletida – og så besøk av ein komande enterpenørskaps-student med røter frå Sogn og Fjordane, Ingrid Alværn, som ville snakke om entrepenørskap og nyskaping og kva eg som næringspolitikar meiner om det.\n\nOg midt opp i dette har det vore sommar-avslutningsfestar både her og der – no blir det ein rolig fredagskveld på hybelen før Venstres landsstyre samlast på Hamar i morgon – og så premiere med Opera Nordfjord i Operaen i Bjørvika på søndag. No er det berre å stå på siste veka – kjekke, men travle dagar!

Postet:
2022-06-10 20:59:44

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post