Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Inspirerande dag på Steinkjer og InnoCamp Steinkjer! Eit prakteksempel på kva ein kan få til av vellykka distriktspolitikk dersom ein klarer å samle kreftene og bygge sterke felles fagmiljø der det offentlege, privat næringsliv, utdanning og forskning samarbeider, sit «under same tak» og spelar kvarandre gode! \n\nInnocamp er bygd av Steinkjer kommune som ein gedigen «samhandlingsarena» midt i Steinkjer sentrum. Her finn du Nord universitet med campus og 5-600 studentar, Landbruksdirektoratet, NIBIO og Sintef, Innovasjon Norge og over 40 andre små og store bedrifter og offentlege aktørar under same tak. \n\nSærleg imponerande og viktig er Landbruksklynga på Innocamp: Her sit det eg vil våge å påstå er landets mest komplette og mangfoldige utviklingsmiljø på landbruk og grøne næringar i same fagmiljø – og samarbeider tett.\n\nVenstres stortingsrepresentant André N. Skjelstad frå Nord-Trøndelag har vore ein pådrivar for å bygge opp Steinkjer som eit sterkt regionalt senter. I dag vart vi saman tatt imot på Innocamp av Norges Bondelag ved Ailin Wigelius og Petter Harald Kimo, og Trine Vaag frå Nortura. Dei ga innsikt og var med på meget gode og opne diskusjonar om landbruket i Trøndelag og behovet for ein ny landbrukspolitikk, og korleis vi må bli flinkare til å bygge samla «grøne verdikjeder» mellom både landbruk, skogbruk og havbruk i framtida. \n\nVi fekk omvising i heile det fantastiske nybygget til Innocamp, og informasjon om mange av klyngesatsingane dei no er i gang med i skjeringspunktet næring, FoU og utdanning. Rett og slett imponerande! \n\nEtterpå reiste vi vidare til Mære landbruksskole, som både er eit skikkeleg trøndersk mønsterbruk av ein landbruksskule med drygt 300 elevar og over 1000 mål dyrka mark – men i tillegg har satsa stadig meir på å bli ei «leikegrind» for Forsking og utvikling innanfor landbruket. Her blir det forska på nye produksjonsmetodar, metodar for å kutte i klimautslepp frå landbruk, fornybar energi og mykje anna.\n\nVed å bruke landbruksskulen som «FoU-hub» for landbruket i Trøndelag, sikrar dei både at FoU-miljøa kjem «tett på» det praktiske landbruket, og at ny kunnskap blir spreidd raskt og effektivt på ein open arena der mange er innom. Rett og slett ein føregangsmodell for det vi må gjere meir av i norsk landbruk!\n\nPerfekt opptakt til viktig debatt om årets landbruksoppgjer i Stortinget på onsdag. Trønderane sit med nokre viktige puslespelbrikkar for å lage framtidas grøne, innovative landbruk og skogbruk!

Postet:
2022-06-13 21:51:32

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post