Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Agder - frå Sam Eyde til Morrow: Turbo-fart inn i ei grøn framtid.\n\nVi er vant til å tenkje at oljen har bygd det moderne Noreg. Strengt tatt er det ikkje sant. Oljealderen (1970 til ca 2030) vil om 100 år framstå som ein kort kuriositet i norsk historie. Det er fornybare naturressursar og kompetanse om å skape verdiar ut frå dei som har bygd Noreg – og vil gjere det i framtida. Her har Agder og Sørlandet leia an før, og er no klar til å gjere det igjen. Bli med Ingvild Wetrhus Thorsvik - Venstre og meg på ein kort historie-time om fornybare Agder og det nye batteri-eventyret!\n\nSam Eyde vart fødd i Arendal i 1866. Han utdanna seg som ingeniør i Tyskland, jobba nokre år der og kom tilbake til Noreg på slutten av 1890-talet med hovudet fullt av idear og pågangsmot. Han var overtydd om at vasskraft var framtida, og fekk med seg investorar på å kjøpe opp vasskraftrettar, utan heilt å vite enno kva han skulle bruke dei til. Så – 13. februar 1903 – møtte han fysikkprofessor Kristian Birkeland i ein middag heime hos Venstre-statsråd Gunnar Knudsen. Då sa det bokstaveleg talt PANG.\n\nDer og då – i den middagen – vart ideen om «..en fremgangsmåte til ved hjelp av flate elektriske funker å fremstille nitratforbindelser av luft og andre gassblandinger” skapt. (..det blir også sagt at dei vart så entusiastiske at dei totalt oversåg si felles borddame Lulli, Gunnar Knudsens dotter, under heile middagen. Både Birkeland og Eyde var så flaue over det i ettertid at dei sende henne blomar på fødselsdagen og ba om unnskyldning kvart år så lengde dei levde). \n\nMiddagen heime hos Gunnar Knudsen vart starten på «Elektrokemisk», seinare Elkem– og på Norsk Hydro, som vart skipa i 1905 med Sam Eyde som generaldirektør – og starten på store industristader som Rjukan og Odda. Sam Eyde skapte rett og slett det moderne Noreg.\n\nMen han var også Arendals- og sørlandspatriot. Han kjøpte opp fallrettane i Bøylefoss i Froland, vidareutvikla Arendals Fossekompani, starta Arendals Smelteverk og bygde opp ein ny tettstad på Sørlandet som fekk hans namn: Eydehavn.\n\nIngvild og eg besøkte Bøylefoss kraftstasjon saman med Arendals Fossekompani, som i dag er eitt av Noregs største private investeringsselskap med over 2000 tilsette i 26 land, og utviklar berekraftige energi- og teknologiselskap i Sam Eydes ånd. Den gamle kraftstasjonen i Bøylefoss er enno i full drift, med rik historie tatt vare på av stolte private eigarar. Kværner-turbinane frå 1920-talet gjer jobben også 100 år etter, som eit strålande symbol på kva fornybar energi handlar om.\n\nOg industri-tradisjonane Sam Eyde skapte, dei lever også i beste velgåande – med betre framtidsutsikter enn på over 100 år. I Kristiansand besøkte vi Elkem Fiskaa, som no planlegg ein stor ny fabrikk for å produsere avanserte batterimateriale (Vianode), og Rec Solar, som lagar superreint silisium til bruk i solceller og solcelle-panel. Vi fekk grundig og god omvising på Rec Solar – på Elkem Fiskaa prioriterte dei den tyske utanriksministeren som valde å ta turen dit på nøyaktig same tid som oss. Vi respekterer (under tvil) den prioriteringa. Besøket seier mykje om kor strategisk viktig fornybarindustrien på Sørlandet er for heile Europa si grøne omstilling.\n\nI Arendal fekk vi møte Noregs kanskje fremste batteri-ekspert – Lars Petter Maltby i Eyde-klyngen. Han og Eyde-klyngen har vore med å «samle batteri-Noreg» dei siste åra – og legge grunnlaget for at batteriproduksjon og heile verdikjeda knytt til det no kanskje er den aller største mulegheiten for ny landbasert storskala industri i Noreg. \n\nLars Petter ga oss ei ypperlig innføring i kva som no må til av politisk backing og initiativ gjennom ein samla norsk batteristrategi – og saman med sin sjef Helene Falch Fladmark kunne han fortelje at han no skal over i ei ny og endå meir strategisk viktig nasjonal industrirolle: Lars Petter blir no direktør for «Prosess 21» - som skal samle heile norsk prosessindustri i felles strategiar for framtida. \n\n(Eg stilte han eit kontrollspørsmål: «Betyr det at du skal flytte til Oslo?» Svaret var det eg håpte det ville vere i vår moderne tid: - Nei sjølvsagt ikkje. Den jobben gjer eg minst like godt her frå Arendal.)\n\nSå til slutt: Rosinen i Sørlandets batteri-pølse: Morrow. Det er då du får frysningar ned over ryggen. Morrow sin plan er at dei før 2030 skal ha i operasjon ein fullskala batterifabrikk som blir ein av Europas største (produksjon av batteri til minst 700.000 elbilar i året) og bli verdas første batterifabrikk som ikkje brukar kobolt som råmateriale. \n\nOg det er ikkje berre lause planar – dette er alvor. Bygginga av lab- og testsenteret i Grimstad er allereie i gang, og nylig fekk dei inn over 1 mrd NOK i ny kapital frå nye eigarar som gigantane Siemens og ABB og lokale Arendals Fossekompani (sjå over) – og det statlege investeringsfondet Nysnø, som Venstre fekk på plass i regjering for å hjelpe fram ny norsk grøn industri). Det betyr at dei til sommaren går i gang med å bygge steg 1 av sin nye gigantfabrikk i Arendal. Kvar av dei store produksjonshallane vil bli \nstørre enn nokon bygning som finst i Noreg i dag - og vi snakkar om tusenvis av nye arbeidsplassar. Batteri-eventyret på Sørlandet er ikkje lenger ein draum – dette skjer her, det skjer no, og det vil berre vekse på.\n\nEg trur Sam Eyde ville ha vore utruleg stolt om han hadde sett kva dei frøa han sådde på Sørlandet no fører til av nye skot og blømingar. Eyde og Birkeland skapte Hydro og Elkem i 1903 – det dagens Eyde-klynge på Sørlandet er med å skape i 2022, kan bli minst like stort og viktig for Noreg i tiåra som kjem.

Postet:
2022-05-29 11:32:56

Delt innhold:
Bilete frå innlegget til Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre