Innlegg:
Helsenæringane skaper eksportinntekter og arbeidsplassar – og kan skape endå mykje meir!\n\nDenne veka besøkte eg ein av Noregs største og mest merkeleg ukjende bedriftssuksessar: GE Healthcare Lindesnes Fabrikker, i den vesle bygda Spangereid eit par steinkast unna Lindesnes fyr, saman med Venstres Agder-representant Ingvild Wetrhus Thorsvik - Venstre.\n\nGE Healthcare Lindesnes er verdas største og mest avanserte produksjonsbedrift for røngten-kontrastmiddel, med nær 400 tilsette. Saman med avdelingane i Oslo og Horten står GE Healthcare for 2% av fastlands-Noregs samla eksportinntekter, og produserer over 40% av verdas forbruk av kontrastmiddel!\n\nVeldig mange av dei tilsette er fagarbeidarar, og dei jobbar systematisk med å kvalifisere og gi trygg jobb til folk som i dag står utan arbeidslivet. Som fabrikksjefen sa det, om korleis det er mulig å ha ei verdsleiande bedrift i avansert medisinsk produksjon i ei lita sørlands-bygd: «Vi er sindige sørlendinger med etter- og videreutdanning – da får vi det til, vet du.»\n\nOg framtidsplanane er ikkje mindre imponerande. Bedrifta, med det globale GE-konsernet som eigar, står framfor store nye investeringar som vil auke både produksjonskapasiteten og tal arbeidsplassar.\n\nGE Healthcare Lindesnes er eit glimrande døme på kvifor Venstre er opptatt av å løfte fram helsenæringane som eitt av dei verkeleg store vekstområda for norsk eksport. I Sverige og Danmark er helsenæringane på Topp 3 blant eksportnæringar – i Noreg har vi til no berre skrapa så vidt i potensialet. \n\nEg håpar fleire får augene opp for dette potensialet, korleis vi kan ta det ut gjennom nasjonale strategiar og tettare lagspel mellom helsevesen, akademia og næringsliv – og «matche» norske grunder-bedrifter innan helse med internasjonal helseindustri.\n\nVi skal stå på vidare for GE Healthcare Lindesnes og andre små og store helsebedrifter – også med noko så dønn konkret som å arbeide for trygg og god veg frå E39 ut til Spangereid (..det treng dei STERKT - det må sjølv ein politikar frå Sogn og Fjordane innrømme..)
Postet:
2022-05-27 21:33:00