Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V
Innlegg:
I dag vedtok Stortinget ny Hundelov - ei sak Venstre tok initiativ til i 2017, og i dag omsider kom på plass! Her er mitt innlegg i debatten \n\n—-\nInnlegg i debatt om Hundelova, Stortinget 24. mai 2022, Alfred Bjørlo (Venstre) \n\nPresident, på søndag gjekk eg tur langs Alnaelva her i Oslo. \n\nEg trur aldri eg har sett så mange hundar ute og gå i heile mitt liv. Det var små hundar, store hundar, av alle raser og fasongar.\n\nPresident, eg håpar du ikkje trur det har tørna for meg, men dei var heilt utruleg mange, og eg synst dei såg på meg med hundeauga sine alle saman, og prøvde å formidle noko.\n\nKva det var, veit eg ikkje. Men eg vel å tru at dei var spente og gledde seg til dagen i dag og det historiske vedtaket vi no skal gjere. Og kanskje littegrann nervøse og urolige.\n\nFor spøk til side: Dette ER ei stor og viktig sak for hundretusenvis av hundar, hundeeigarar og andre som er glade i hund i Noreg – og for Venstre. Dagens hundelov er frå 2003. I dag er ho ei utdatert, lite fagleg fundert lov som har gått ut på dato.\n\nDifor fremja Venstres dåverande Stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, Sveinung Rotevatn, i mars 2017 eit representantforslag om å starte arbeidet med ei ny hundelov. Det fekk han og Venstre eit samrøystes Storting med på i juni 2017. \n\nSidan den gong har to regjeringar arbeidd med ei ny hundelov. Og eg har som Venstres representant i Næringskomiteen gleda av å sitje på same sete i Stortinget i 2022 og vedta lova, som Sveinung Rotevatn sat på i 2017 då han sparka arbeidet med ny hundelov i gong.\n\nOg la det ikkje vere tvil: Vi vil få ei ny hundelov som er ei klar forbetring frå den gamle lova, ei lov som styrkar hundar og hundeholdars rettsvern. Eg vil nytte høvet til å takke for alle gode, velbegrunna og engasjerte innspel vi har fått i arbeidet med saka – og berømme partia i Næringskomiteen, og saksordførar for grundig og konstruktivt arbeid med ytterlegare forbetring av lova her i Stortinget.\n\nVi har frå Venstre si side mellom anna no heilt på oppløpssida fått gjennomslag for å endre regjeringa sitt forslag til Hundelov til at hundars eigenverdi - ut over den verdi dei har for menneske - skal kome fram i lova sin formålsparagraf. \n\nVi er også glad for at eit fleirtal her i dag gir si støtte til at ein hundeeigar, i ein situasjon der ein hund skal avlivast, kan tilbyast eit samvere med hunden før avlivning. Venstre meiner primært at denne retten bør vere tydelegare og sterkare – men vi er glade for å kome eit stykke på veg i riktig retning gjennom komitearbeidet.\n\nDet er også ei rekke andre punkt der Venstre har mindretalsmerknader. Eg vil her avgrense meg til å trekke fram to poeng som for Venstre er spesielt viktige, og der vi enno ikkje er komne i mål.\n\nFor det første: Avlivning skal vere aller siste utveg. Mindre inngripande tiltak må alltid vere forsøkt først, med mindre det er heilt \nkrystallklart at slike tiltak ikkje ville ha ført fram.\n\nFor det andre: Vi meiner hunden må vurderast av ein sakkyndig på hund og hundeåtferd før det blir gjort vedtak om avlivning. Politiet har ikkje – og kan ikkje ha – tilstrekkeleg kunnskap om hundeåtferd til å fatte ei slik avgjerd. Vi er frå Venstre si side skuffa over at ikkje eit fleirtal i salen her i dag er med oss på å slå fast krav om ei sakkyndig vurdering.\n\nNår det er sagt: Vi er glade for å få ei ny hundelov. Dette er ein stor og viktig politisk siger for Venstre – og så vil vårt arbeid for hundar og andre dyr si velferd og rettsvern halde fram.
Postet:
2022-05-24 22:47:08
Delt innhold: