Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
Aktiv og kjekk veke på Stortinget med innlegg og møter😊\n\nPå talerstolen gjekk det også føre seg med innlegg om Høgre sitt gjennomslag for lade-infrastruktur for elbåtar og maritim sektor, spørjetimespørsmål til finansministeren om manglande avklaring på prisråd for havbruksnæringa, og innlegg i Alfred Bjørlo sin interpellasjon (debatt) om regjeringa sin (manglande) politikk for norsk eigarskap til næringslivet.\n \nI saka om norsk eigarskap til næringslivet, måtte eg rett og slett arrestere næringsministeren sin påstand om at formueskatten ikkje er høgre nå enn for 10 år sidan. Innlegget mitt er tatt inn lenger nede.\n\nSaka om norsk eigarskap blei forresten fulgt av Aksjon for Norsk Eigarskap. \n \nNå er det reise tilbake til Vestlandet. I morgon er det kystbyen Florø som gjeld, kor det blir møter hos og fokus på el-båt selskapet Evoy. Her skje skjer det mykje spennande, og ryktene fortel om ein tur med ein elbåt i Florø-bassenget òg. Det blir kjekt!\n\nInnlegget i dag og norsk eigarskap:\n\nPresident!\nI det siste har næringsministeren i fleire aviser kritisert sin eigen politiske familie for å ha eit for negativt syn på næringslivet vårt. Kva som ligg i dette er litt uklart for meg. Er det omtalen av næringslivet han kritiserer sine eigne for, eller er det sjølva politikken?\n\nUansett, President. Under spørretimen i går fekk vi eit nytt eksempel på at næringsministeren ikkje heilt forstår korleis næringslivet opplever sin eigen situasjon og politikken til regjeringa. Og ja, det handlar om formueskatt.\n\nFor i staden for å uttrykk forståelse for dei utfordringane formueskatten gir, roste næringsministeren denne skatten på norsk eigarskap. \n\nOg ikkje nok med det, President. Slik eg oppfatta næringsministeren hadde han heller ikkje dekning for orda sine.\n\nFor når næringsministeren først seier at han er opptatt av ein kunnskapbasert debatt, for så i neste runde seie at formueskatten ikkje er høgre enn for ti år sidan, får eg det rett og slett ikkje til å stemme.\n\nNæringsministeren opplyste at sjølve skattesatsen for formue under 20 millionar ikkje var lågare for 10 år sidan, enn i dag. Men det næringsministeren – som altså er opptatt av ein kunnskapsbasert debatt - ikkje sa, var at regjeringa har auka skattesatsen på formuer over dette beløpet, vesentleg.\n\nSkal ein rette blikket 10 år bakover i tid, blei det av næringsministeren heller ikkje nemnt at:\n\n* Det er ein langt høgare verdsetjing på enkelte eigendelar, for eksempel næringseigedomar, i dag, enn for 10 år sidan.\n* Det er ein langt høgare utbytteskatt i dag, enn for 10 år sidan \n* Det er ein redusert aksjerabatt for unoterte aksjer i dag, enn for 10 år sidan\n* Det er eit redusert gjeldsrentefrådrag i dag, enn for ti år siden.\n\n*Og President. Det har òg blitt ein større forskjell i skattetrykket mellom nordmenn og utlendingar, i favør av utlendingane.\n\nPresident. Det kan godt hende at det finst nyansar i det eg har sagt, og at andre forhold spelar inn enn dei eg har kome inn på nå, men ein tre ting synest klart:\n\n1. Dagen regjering har dobla formueskatten i forhold til Solberg-regjeringa. Dette gjennom auka prosentsats, reduksjon i aksjerabatt og auke i utbytteskatt.\n2. Det er ikkje riktig eller fullstendig å seie at formueskatten ikkje er høgre i dag, enn for 10 år sidan.\n3. For 10 år sidan hadde næringsliv og investorar tru på betre rammevilkår og lågare skattar, noko som òg skjedde med Solberg-regjeringa. I dag er det omvendt.\n\nNæringslivet har mista trua på næringsministeren og regjeringa, både fordi dei ser kva politikk som faktisk blir ført, og korleis næringslivet i over 2 år har blitt negativt omtalt og lite verdsett.\n\nPresident!\nEg har dei siste to åra merka ein forskjell hos næringsdrivande eg besøker. Frå at at formueskatt blei nemnt som ei av fleire utfordringar, er dette nå blitt den viktigaste saka for mange.\n\nDet er òg mitt inntrykk at dette kjem til å vare heilt til nødvendige endringar blir gjort, og mange ser mot 2025. Det er synd at regjeringa ikkje ser kor krevjande skatten er blitt for norsk eigarskap i næringsli

Postet:
2023-11-23 15:46:25

Delt innhold: