Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
Då er finansdebatten snart over, og vi er klar til votering. Debatten har vart i over 12 timar, og med mange, mange innlegg.\n \nEg har snakka om Hauglandsenteret i Flekke som nå får ei samla nedgang på døgnplassar med nesten 30%, mellom anna pga regjeringa sin store og veksande motvilje mot ideelle og private aktørar. Dette innlegget følger heilt til slutt her. \n \nSå har eg òg sagt at Høgre i sitt alternative budsjett fjernar den ekstraordinære arbeidsgivaravgifta (kompetanseskatten), men som regjeringa - trass forsikringar om det motsette - lar stå. Vi startar vi også på reduksjonen av skatten på norsk eigarskap (formuesskatt), som regjeringa har dobla.\n \nSå har eg òg snakka om at Høgre lar vere å bruke eingangsbeløpet på 9 mrd som Eksfin ikkje brukte på Covid- tiltak på å permanente offentlege utgifter slik regjeringa gjer, men heller let vere å bruke pengane for å få raskare kontroll på inflasjon og renter.\n \nInnlegg i finansdebatten:\n\nPresident!\nRøde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er den største rehabiliteringsinstitusjonen i Vestland.\n\nHer arbeider nærmare 100 tilsette, med svært høg formell og reell kompetanse. Her er legar og legespesialistar, idrettspedagogar, fysioterapeutar, logopedar, sjukepleiarar, helseassistentar, miljøterapeutar, ergoterapeutar, samhandlingskoordinatorar, sosionomar, ernæringsfysiologar og mange andre.\nAlle desse arbeider med eit formål: å gi den beste behandlinga ein gi til dei omlag 1 200 pasientane som er innom det heilt unike og spesielle fag- og kompetansemiljøet kvart år.\n\nPresident!\nHauglandsenteret har driftsavtale med Helse Vest. I november tildelte Helse Vest ny avtale for dei fire komande åra, med opsjon for fire år til.\n\nMen i den nye tildelinga blir det samla talet på døgnplassar redusert med 27 prosent. Dette gjeld tilbodet til pasientar med kreft, nevrologiske og nevromuskulære lidingar (t.d. Parkinson), kronisk muskel- og bløtdelssmerte, sjukleg overvekt og døgnplassar for arbeidsretta rehabilitering.\n\nI ei pressemelding har Hauglandsenteret opplyst at:\n- Vi var førebudde på ein nedgang i avtalen, men vi er overraska over kor stor reduksjonen vart. Vi er uroa for at færre vil få rehabilitering og at ventetidene blir endå lengre.\n\nI praksis vil nedgangen tilseie at ein går frå 70 til 50 pasientar som til ei kvar tid er på rehabiliteringsopphald ved senteret. Dette vil sjølvsagt vil få økonomiske konsekvensar for senteret og for kor mange, faste tilsette ein kan ha over tid.\n\nPresident!\nDå eg besøkte Hauglandsenteret i førre veke, av bekymringa stor.\n\nDels fordi ein har oppfatta det slik at det nå er tenkt politikk at sjukehusa nå har skal overta meir og meir av rehabiliteringa.\n\nSamtidig som fleire sjukehus rundt om i landet slit med både rekrutteringsutfordringar og økonomi, skal ein altså arbeide for å bygge opp rehabiliteringskapasitet i eigen regi – og samtidig bygge ned velfungerande og gode miljø, som ikkje minst har vist seg svært gode i distriktsregionar.\n\nPå rehabiliteringsområdet spør ein seg ein vidare om dette òg er ein del av regjeringa sin store og veksande motvilje mot ideelle og private aktørar. At det viktigaste ikkje er at pasientane skal få god og relevant behandling til rett tid, men at det for all del ikkje skal vere nokon som utanfor dei offentlege systema skal gi slike tilbod.\n\nPresident!\nKort oppsummert kan uroa formulerast slik: Ser vi nå ein start på ein gradvis nedbygging av dei viktige, store og velfungerande rehabiliteringsinstitusjonane på Vestlandet og i resten av landet?\n\nVi har tidlegare sett fleire oppslag på at pasientar innan rus og psykiatri har miste gode og velfungerande tilbod.\n\nVil det same nå skje for pasientgruppa som fram til nå har fått god hjelp på Hauglandsenteret og andre rehabiliteringsinstitusjonar?

Postet:
2023-12-04 22:05:23

Delt innhold: