Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
Trønder-tour med Næringskomiteen😊 NTNU, Sintef, Mineraldirektoratet, Norges Fisksrlag, Øyna kulturlandskapshotell, Mære landbruksskole, Steinkjer og InnoCamp m.m. \n\nTrøndelag er eit kraftsenter for teknologi og energi, sjømat, landbruks og mykje, mykje meir💪\n \nI Steinkjer finn ein òg ein parallell til Norec i Førde. Solberg-regjeringa flytta ut ein del av Landbruksdirektoratet til bygdenes by, og det har òg blitt ein suksess. Når arbeider det nærmare 50 personar i direktoratet i Steinkjer, eit fleirtal kvinner og mange med ulike og allsidig utdanning. Bildet frå direktoratet viser leiaren i Steinkjer, med det sunnfjordske namnet Trond Svanø Hafstad😊\n \nDet er synd at Støre-regjeringa ikkje interesserer seg for å flytte statlege arbeidsplassar ut av Oslo, men berre er opptatt av å skattlegge distriktsnæringane våre mest mogeleg.

Postet:
2023-11-10 15:32:02

Delt innhold:
Photos from Olve Grotle's post