Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
Kjekk og interessant arbeidsveke😊\n \nFlekke/Førde på måndag: UWC og Hauglandsenteret, med fleire saker å følgje opp. NRK debatt om politikontor som står tomme, og at SP vil opprette mange fleire. Årsmøte i Sunnfjord Høgre, kyndig leia av ein florøværing.\n\nOslo på tysdag: Stortingsmøte med fleire innlegg med fokus på handelspolitikk, toll på norsk sjømat, og mineralnæringa.\n\nFørde på onsdag: 60 års jubileum for Norec. Særleg fokus på at flyttinga og etableringa i Førde har gått bra. Imponerande gjeng med dyktige og entusiastiske medarbeiarar.\n\nOslo på torsdag: Stortingsmøte med fleire innlegg med fokus på fiskehelse, overfiske i Oslofjorden, norskregistrerte skip og norsk romforskning og -satsing.\n\nLoen i dag: Årsmøte for Fiskebåt Vest. Innlegg om Høgre sitt fiskeripolitikk, særleg fokus på det som er av størst interesse for fiskeria på Vestlandet.\n \nI morgon? Ålesundtur med årets sjømathøgdepunkt hos familie (ja, skalldyr!), før finansdebatt i Oslo på måndag😅\n \nGod helg!

Postet:
2023-12-01 15:54:08

Delt innhold:
Photos from Olve Grotle's post