Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
Det skjer i Florø🔋💪🚤\n\nEg har tidlegare litt humoristisk kalla Leif A. \nStavøstrand for kystbyens svar på Elon Musk, og før helga besøkte kollega Alfred Bjørlo og eg bedrifta i den nye lokala sine. \n\nHer blei vi møtt av oppglødde og entusiastiske Evoy-folk + Kinn-ordfører Bengt Solheim-Olsen, Jacob Nødseth og fleire.\n\nSå blei det omvisning, med gode forsøk frå Leif A. Stavøstrand på å forklare litt inngåande om sjølve teknologien som ligg bak, truleg med litt blanda hell😉 Derimot var alle med på notane når vi blei lost gjennom det eventyret Evoy er i ferd med i bli, og ikkje minst når dei imponerande planane for framtida blei vist.\n\nEvoy er verdsleiande innan sitt segment, og har nå utvikla plug-and-play system for elektriske båtar som har nå kundar frå heile verda. Bedrifta har hatt eit fantastisk utvikling sidan starten i 2018, og det arbeider nå 40-50 engasjerte personar med alt frå mekanisk arbeid til utvikling av programvare.\n\nFor oss var det viktig å få fram kva vi kan gjere for Evoy og andre selskap som driv med elektrifisering av maritim sektor, slik som t.d.d Plug/Eviny og Brødrene Aa, og vi fekk med oss fleire saker å arbeidemed framover. \n\nVi kom òg inn på dei viktige gjennomslaga Høgre, Venstre, Frp hadde fått i Stortinget tidlegare i veka, då vi fekk på plass nokre viktige forslag om å få raskare på plass lade-infrastruktur.\n\nDet skjer nå, folkens. Vestlandet, Sogn og Fjordane, Florø står klar til å gjennomføre kvantesprang i å gjere maritim sektor utsleppsfri. Den vil ikkje berre vere supert for oss, men faktisk òg vere viktige bidra til å få ned utsleppa på alle hav👏👏👏\n\nHeia Leif – alias Elon – og alle dei andre i Evoy!

Postet:
2023-11-26 19:13:39

Delt innhold:
Photos from Olve Grotle's post