Beta
Søket ga 495 treff.

I dag tek vi farvel med 2023 og førebur oss på å starte på eit heilt nytt år. \nI morgon skriv vi 2024. 🌟🌈✨\n\nI jula gjekk tankane mine til det Palestinske folket sine lidingar då eg feira ei god jul trygt heime i lag med mine. \n\nJesus vart fødd av ei ugift mor på flukt, i ein stall i Betlehem. Ord blir fattige når ein tenkjer på ruinane nyfødde palestinske barn vert fødd inn i i des.2023….måtte det bli stans i dei grufulle krigshandlingane i 2024🕊️\n\n31 desember er ein dag for ettertanke. \n\nKorleis handsamer vi menneske på flukt ? \n\nRundt...

Å avrette «baker for smed» er det tydelegvis ikkje slutt på i Norge. Kor mange rovdyr må dø for at Melkøya skal elektrifiserast,vert det kommentert på sosiale medier etter at avtalen vart kjend. Eit retorisk spørsmål som sett saka på spissen, men det syner galskapen i energipolitikken som vert ført av regjeringa. \nSå lenge ein ikkje sluttar med forhåndstiltredelse, ikkje tek ifrå selskapa KU ansvaret og ikkje sørger for å tilpasse forbruket til naturen si tåleevne, vil naturen og dei som lever av berekraftig bruk av natur tape. Ein fjerner ikkje skaden og naturtapet med nokre setningar på eit papir,...

Yvonne Wold sitt innlegg i budsjettdebatten
Runde Miljøsenter er tilbake på statsbudsjettet for 2024 - Runde Forsking

- Nyheiter og prosjekt på Runde

https://www.utrop.no/nyheter/nytt/350816/

Eitt av mine innlegg o dag handla om finansiering av utsleppsfrie ferjer og hurtigbåter. \nMøre og Romsdal og Vestland fylkeskommune har stilt krav om utsleppsfrie ferjer og båtar i anbud. No står denne satsinga i fare fordi kostnadane ikkje vert dekt over kostnadsnøkkelen for fylkeskommunene. \nHer må det på plass føreseielege ordninger for kostnadskompensasjon for at ikkje omstillinga skal stanse opp.

Då er budsjettavtalen mellom regjeringa og SV landa. \n\nPå kommunal områder er svært glad for at vi har fått eit kraftig løft med 5 mrd. til Husbanken for å møte boligkrisa, og der både lån til bygging av utleigebustader, studentboliger og startlån er med. \n\nEg er veldig glad for å meddele at færre barn som veks opp i Noreg no treng vere redde for at foreldra blir kasta ut av landet. Støttegrupper og organisasjonar har arbeidd lenge for barnas beste i utvisningssaker. Endeleg gjer me som det offentlege utvalet anbefalte og gjer slik at tilleggstid som hovedregel skal vere eit...

No meiner eg statsministeren bør kome seg ut av tåkeheimen. \n\nStatkraft søkte om konsesjon til vindkraftverk på Storheia- staten var eigar og kunne drive eigarstyring gjennom sine representanter i generalforsamling og styre. \nMen gjorde det ikkje sjølv om \nFN advara Norge om at prosjektet var i strid med urfolks rettigheiter. \n\nNVE gav konsesjon i 2010 \n\nOED stadfesta konsesjonen i august 2013 - Stoltenberg II regjeringa.Grete Faremo justisminister - Ola Borten Moe - Olje og Energiminister og Bård Vegard Solhjell var Miljøvernminister. \n\nEg kan ikkje forstå anna at sjølv om det er Fosen Vind DA som er konsesjonær no så har...

Det er full stopp i bustadbygginga og samtidig aukar hulseiga for dei som leiger. Mange eldre treng bustader som er meir lettstelte som dei kan bo i lenger, og rekordmange fordrivne frå Ukraina skal bosettast. \nAlt dette gjer at no haster det med ny bustadpolitikk. Vi har ikkje tid til å vente på Boligmeldinga som er varsla. \nDifor har eg og Kari Elisabeth Kaski fremja dette representantforslag i Stortinget - om ein bustadpolitikk for alle. ❤️💚

I dag er det den internasjonale dagen for solidaritet med det Palestinske folket. 🇵🇸\n\nGaza er farlegaste staden i verda å opphaldet seg for barn, og FN snakkar om at vi står overfor eit folkemord. \n\nI ein slik situasjon meiner eg at det er grunn til å hastebehandle familiegjenforeningssaker. Eg spurde kva regjeringa gjer for at dei som bor i Norge men som har sin familie på Gaza kan vente at regjeringa gjer med dette.

Det er viktig å lære av historia og i dag minnast vi dei som vart offer for jødeforfylgjinga under 2.verdskrigen. \n\nNo er det vår tur å slå ring om menneskeverdet og kjempe imot forfylgjing og diskriminering på grunn av tru, etnisitet eller opphav.

Det var nesten vanskelig å konsentrere seg om politikk om alminnelige saker i Norge etter at leder for Palestinakomiten hadde halde sitt innlegg på landsstyremøtet til SV i helga. \n\nDet er ein mørk himmel vi har over oss i november 2023, men desto viktigare å prøve å skape håp i alt vårt politiske arbeid. Anten det handler om dyrtid her heime, arbeide for mindre forskjeller, stans i miljø øydelegging eller å kreve våpenkvile og opptrapping av humanitær hjelp til sivile i krig. \n\nVi krev etterforsking av krigsforbrytelser i Gaza. \n\nVi må kreve stans i krigshandlinger og få fart på den...

Eg blir så opprørt over korleis vi behandler ureturnerbare asylsøkjarar her i landet. \n\nDenne veka har eg møtt fleire, derimellom Suel Kassembo og motteke 10000 underskrifter frå folk som krev http://rettferdforsuel.no. \n\nI rettssystemet er du uskyldig til det motsette er bevist. I asylpolitikken er det motsett.Greier du ikkje å bevise kven du er er du mistenkt for grove brot på utlendingelova. \n\n«Innvandringspolitiske hensyn»trumfer all anstendig respekt for menneskerettane vi \nhar forplikta oss til å fylgje. \n\nI våre identitetsskapende forteljingar har vi Askeladden og dei gode hjelparane.Det eventyret fortel oss at dei vi møter på vegen skal vi inkludere og møte...

Kavli garden i Eresfjord. I dag tenkjer eg på vårt alternative budsjett og behovet for at Romsdalsmuseet får litt meir statlige midler for å kunne ta imot den formidable gåva til Romsdalsmusea. Eg tenkjer også på det som blir kalla "distrikt" og på denne delen av Romsdal, - Eresfjord, Vistdal og Eikesdalen, som ligg der som perler på ei snor som noko av det vakraste vi har av norsk kulturlandskap og natur. Eg tenkjer på distriktsmeldinga og behovet for å føre ein nasjonal politikk som legg til rette for at folk kan bo og leve gode liv i bygdene.

Ei spesiell veke er omme. Dag etter dag har det vore demonstrasjoner for å få Stortinget til å anerkjenne Palestina som eigen stat på Eidsvoll plass utanfor Stortinget.\n\nKunstnarar kom og leverte personlege kort til alle stortingsrepresentanter med oppmoding om å stemme for å anerkjenne Palestina. Eit lydanlegg sende lyden av bomber og folkemasser inn i stortingssalen. \n\nHeilt sidan 1948 har Palestinarane vore fordrivne i eige land. \n\nKrigshandlingane pågår for fullt i Gaza og krigen si liding og meiningsløye lyser imot oss frå TV - ruta. Ein ufattelig menneskeleg tragedie utspeler seg i desse dagar, nokre timer unna oss. \n\nEg blir...

I dax 18 i dag for å kjempe mindreårige einslege asylsøkjarar si sak. Der møtte eg statssekretær i Justisdepartementet Even Eriksen som motpart. \n\nI 2008 fekk SV igjennom ei lovendring som sikra at einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år skulle inn under omsorg av Barnevernet. \n\nNorge har tilslutta seg FNs Barnekonvensjon men har ikkje fylgt opp og inkludere dei einslege mindreårige asylsøkjarane mellom 15-18 år slik. \n\nNRK har avdekt at fleire hundre barn har forsvunne frå mottak og mykje tyder på ar mange av desse er utsette for å bli utnytta og misbrukt og utnytta av såkalla følgepersoner. \n\nNo har...

Fin og inspirerande start på dagen med SINTEF rapport med presentasjon av det skjulte kraftverket i ENØK og produksjon i bygg.\n\n⭐️13 Twh innan 2030 - \n spart energi og natur tilsvarande 130 ganger \n Haram Vindkraftverk eller 13 Storheia. \n\n🌟42 Twh kan frigjerast innan 2050 \n spart energi og natur tilsvarande \n 420 ganger Haram Vindkraftverk eller \n 42 Storheia. \n \nSpart nett, spart natur, spart straum\n😊

Laster...
Laster...