Person / Aktør:
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Parti: SV

Innlegg:
Eg blir så opprørt over korleis vi behandler ureturnerbare asylsøkjarar her i landet. \n\nDenne veka har eg møtt fleire, derimellom Suel Kassembo og motteke 10000 underskrifter frå folk som krev http://rettferdforsuel.no. \n\nI rettssystemet er du uskyldig til det motsette er bevist. I asylpolitikken er det motsett.Greier du ikkje å bevise kven du er er du mistenkt for grove brot på utlendingelova. \n\n«Innvandringspolitiske hensyn»trumfer all anstendig respekt for menneskerettane vi \nhar forplikta oss til å fylgje. \n\nI våre identitetsskapende forteljingar har vi Askeladden og dei gode hjelparane.Det eventyret fortel oss at dei vi møter på vegen skal vi inkludere og møte behova til, sjølv om dei er annleis. Tilbake får vi hjelpsemd og lojalitet.\n\nSuel Kassembo har vore mistrudd av UDI i 19 år. Likevel er Suel venleg høfleg og raus. Han var berre ein tenåring då han flykta etter at foreldre og søsken var drepne, og han fekk beskjed om at han burde flykte og ikkje dra heim. Han har aldri skjult seg eller loge om kven han er, men staten har ikkje trudd på det han har fortalt. No går rettsaka i Oslo Tingrett. \n\nhttps://www.vestlandsnytt.no/nyhende/i/Mo0JoB/noreg-gaar-for-langt-i-aa-mistru?

Postet:
2023-11-24 00:37:40

Delt innhold:
(+) – Noreg går for langt i å mistru
Birgit Oline Kjerstad, stortingspolitikar frå Sosialistisk Venstreparti (SV), i Kommunal og forvaltningskomiteen, uttrykker si støtte til Suel Kassembo og kampen hans for å få bli i Noreg. Dette kjem i forkant av Kassembos rettssak som er sett til torsdag og fredag denne veka.