Person / Aktør:
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Parti: SV

Innlegg:
Å avrette «baker for smed» er det tydelegvis ikkje slutt på i Norge. Kor mange rovdyr må dø for at Melkøya skal elektrifiserast,vert det kommentert på sosiale medier etter at avtalen vart kjend. Eit retorisk spørsmål som sett saka på spissen, men det syner galskapen i energipolitikken som vert ført av regjeringa. \nSå lenge ein ikkje sluttar med forhåndstiltredelse, ikkje tek ifrå selskapa KU ansvaret og ikkje sørger for å tilpasse forbruket til naturen si tåleevne, vil naturen og dei som lever av berekraftig bruk av natur tape. Ein fjerner ikkje skaden og naturtapet med nokre setningar på eit papir, berre med å la vere å bygge ned. \n\nNår eg las pressemeldinga om avtalen med Sør-Fosen reinbeitedistrikt blir eg litt matt. For hadde dei eigentleg eit valg? Det store spørsmålet er om beita til erstatning finst i realiteten? Kven bruker dei areala no og kva med deira rettar? \nPengane er ikkje ei sikring av kulturutøvinga men eit symbolsk plaster på «arealsåret». Staten har pressa på i 800 dager, og riving har slik eg ser det, aldri vore eit alternativ for Energiministeren. \n\nKampen om areala er den store kampen. Naturareala minkar medan pengehaugen veks i den industrialiserte verda, som på ingen måte er i ferd med å ta inn over seg alvoret med naturtapet. Problemet er at det snart ikkje er meir natur å ta av. Den store utryddinga av arter skuldast i hovudsak arealbruksendring på grunn av menneskelig aktivitet. Men kva er pengar verdt, dei er langt på veg ein illusjon av kva ein kan få for pengane. \nAvbøtande tiltak- finst dei eigentleg? Drysset av fine ord fjerner ikkje realiteten. Tapt samanhengande natur. \n\nDet har sjølvsagt ein privatøkonomisk verdi å sleppe økonomiske bekymringer på grunn av tapte næringsareal for dei som lever av reindrifta - men slik eg ser det køyrer Regjeringa knallhardt på for å fortsette å ødelegge resten av norsk natur for at vindkraftbransjen og investorane skal få «kappe meir land». Andre land med store industrielle interesser i vindkraftbransjen og kraftbransjen er svært nøgde med å få plassere dei store vindkraftverka i Norsk natur og få ferdig balansert kraft i retur via kablane. Systemkostnadane snakkar få om med denne politikken der kraftproduksjonen vert ustabil. Med utsikt til Haramsfjellet ser eg kor ofte turbinane står stille når krafta trengst som mest. Eg ser lynnedslaga og tenkjer at dette røyner på.

Postet:
2023-12-21 13:28:49

Delt innhold:
Gir seg ikkje før vindturbinane er rive
Terje Haugen er glad for at Sør-Fosen-saka endeleg er over. Men i nord gir dei seg ikkje før vindturbinane på det viktigaste beitet er rive.