Person / Aktør:
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Parti: SV

Innlegg:
Ei spesiell veke er omme. Dag etter dag har det vore demonstrasjoner for å få Stortinget til å anerkjenne Palestina som eigen stat på Eidsvoll plass utanfor Stortinget.\n\nKunstnarar kom og leverte personlege kort til alle stortingsrepresentanter med oppmoding om å stemme for å anerkjenne Palestina. Eit lydanlegg sende lyden av bomber og folkemasser inn i stortingssalen. \n\nHeilt sidan 1948 har Palestinarane vore fordrivne i eige land. \n\nKrigshandlingane pågår for fullt i Gaza og krigen si liding og meiningsløye lyser imot oss frå TV - ruta. Ein ufattelig menneskeleg tragedie utspeler seg i desse dagar, nokre timer unna oss. \n\nEg blir ufatteleg takksam over å kunne reise heim til vakre fredelege Longva. \n\nMen aldri har det vore viktigare å løfte dei universelle menneskerettane og anerkjenne alle menneske sitt menneskeverd uansett land og opphav. \nGod helg💚❤️

Postet:
2023-11-17 23:10:17

Delt innhold:
Photos from Birgit Oline Kjerstad på Tinget's post