Innlegg:
I dag tek vi farvel med 2023 og førebur oss på å starte på eit heilt nytt år. \nI morgon skriv vi 2024. 🌟🌈✨\n\nI jula gjekk tankane mine til det Palestinske folket sine lidingar då eg feira ei god jul trygt heime i lag med mine. \n\nJesus vart fødd av ei ugift mor på flukt, i ein stall i Betlehem. Ord blir fattige når ein tenkjer på ruinane nyfødde palestinske barn vert fødd inn i i des.2023….måtte det bli stans i dei grufulle krigshandlingane i 2024🕊️\n\n31 desember er ein dag for ettertanke. \n\nKorleis handsamer vi menneske på flukt ? \n\nRundt om i mange kommuner er det støttegrupper som legg ned eit stort arbeid for å hjelpe menneske som har flykta frå forfylgjing og krig, men som må leve papirlause og får sett livet på vent i årevis. Folk i lokalsamfunn etter lokalsamfunn reagerer på urett og står på barrikadene i lag med asylsøkjarae for å hjelpe dei gjennom den byråkratiske jungelen. \n\nEtter å ha dukka ned i dette politikkområdet undrer det meg at det kan verke som om ikkje poenget er å hjelpe dei som treng det mest men heller å skremme folk frå å kome til Norge. Er det slik vi vil ha det? \n\nEg undrast over vår eiga regjering som fann på å gi forbod om å reise tilbake til Ukraina i julegåve til Ukrainarar som har søkt tilflukt i Norge. Korleis oppleves dette av dei det gjeld? \nDet kan godt vere at ein på grunn av kapasitet i kommunene må prioritere å hjelpe dei som treng det mest, og alle som har kome har kanskje ikkje rett på å få bli, men vi bør fylgje råda frå høykommisæren for Flyktninger som har drive med flyktningearbeid i 60 år i over 100 land.\n\nEg vaks opp med eventyra om Espen Askeladd, som hjalp dei kom i hans veg. Eg har tenkt på eventyret om dei gode hjelparane siste tida. Dei Askeladden møtte var annleis, hadde vanskar i sine liv, og dei passa ikkje inn, men dei var lojale og stod på med sine ressursar og utretta store ting når dei berre vart sett og gitt plass i felleskapen. Det er djup visdom i dei forteljingane. \n\nÅ hjelpe andre gav mangfald igjen. Vi er alle menneske som treng andre. \n\nLa oss ta med det sinnelaget inn i 2024, og gjennom det bevare både sjølvrespekten og det gode Norske sinnelaget. \nGodt Nytt År🌟🌈🕊️
Postet:
2023-12-31 15:08:44
Delt innhold:
- På grensen til det kyniske
Flyktninghjelpen mener reisenekt for ukrainere bryter med FNs anbefaling. Regjeringen får også krass kritikk fra SV og MDG.