Person / Aktør:
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Parti: SV

Innlegg:
Det var nesten vanskelig å konsentrere seg om politikk om alminnelige saker i Norge etter at leder for Palestinakomiten hadde halde sitt innlegg på landsstyremøtet til SV i helga. \n\nDet er ein mørk himmel vi har over oss i november 2023, men desto viktigare å prøve å skape håp i alt vårt politiske arbeid. Anten det handler om dyrtid her heime, arbeide for mindre forskjeller, stans i miljø øydelegging eller å kreve våpenkvile og opptrapping av humanitær hjelp til sivile i krig. \n\nVi krev etterforsking av krigsforbrytelser i Gaza. \n\nVi må kreve stans i krigshandlinger og få fart på den humanitær hjelpa til Gaza. \n\nDet går aller verst ut over barn, sjuke og gamle. Vi må vere med å skape ein bevegelse som legg press på politiske leiarar til å seie tydelig ifrå om at no må krigshandlingane stanse. \n\nI Gaza går krigen ut over sivile på ein måte som gjer at FN snakker om at vi står overfor eit folkemord. \n\nDet kan vi ikkje akseptere. \n\nBlokaden av Gaza har vart i 16 år. \nFN seier det er verdens farlegaste stad å vere for barn. Til no i krigen 5700 barn er drept, 1500 sakna og kor mange er skada på kropp og i sinn…….det mangler vatn, straum, medisin og mat, og bomba sjukehus greier ikkje å hjelpe dei skadde. Leger utan grenser har mista ansatte. \n\nDet er slept sprengstoff tilsvarande 2 atombomber over det vesle tettbygde området på Gazastripa. I skyggen av krigen foregår det grove valdshandlingar utført av sivile settlarar mot palestinarar utan at dei Israelske myndigheitene grip inn på Vestbreidda. \n\nVald mot uskuldige sivile må fordømast uansett kven som står bak. Det gjeld sjølvsagt også Hamas sine ugjerningar i oktober. \n\nDet viktigare enn nokon gong å kome saman i kampen for å bevare grunnleggande menneskerettar i verda.

Postet:
2023-11-26 12:15:06

Delt innhold:
Photos from Birgit Oline Kjerstad på Tinget's post