Beta
Søket ga 444 treff.
Hadia Tajik
2021-09-04 10:42:55

Arbeiderpartiet vil satse på psykisk helse. Her kan du høyre meir om kva me vil gjere:

Hadia Tajik
2021-09-03 19:26:37

Landet treng eit nytt kulturløft! 🌹 Arbeiderpartiet vil knytte 1 % av statsbudsjettet til kultur. Veksten på statsbudsjettet skal kome heile landet til gode. Kunst og kultur gjev innsyn og utsyn. Det gjev påkobling og avkobling. Det er viktig når landet går godt og når me opplev krise, fordi det bygg oss som nasjon, og gjev oss perspektiv som menneske. I dag var eg i Olavshallen i Trondheim med stortingskandidatane Eva Kristin Hansen og May Britt Lagesen, og ordfører Rita Ottervik. Olavshallen er ein viktig kulturinstitusjon for heile regionen. I vårt alternative budsjett har me gjort framlegg om meir pengar...

Hadia Tajik
2021-09-02 20:46:38

I dag avslører DN at eit "betydelig antall personer (som) tilhører den norske finanseliten" er samla i ei gruppe på Whatsapp der det mellom anna blir diskutert korleis dei skal ta knekken på Arbeiderpartiet og miljørørsla. Det er bra at dette kjem fram i lyset. Det er eit døme på korleis personer med økonomisk makt somme gonger kan meine at dei har krav på meir politisk makt enn andre. Det har dei ikkje. Arbeiderpartiet vil gje meir makt til vanlege folk. Det betyr slutt på store skattekutt til dei rikaste, og ei maktforskyving - særleg i arbeidslivsspørsmål - til arbeidstakarane....

Hadia Tajik
2021-08-27 17:49:55

Olav Akselsen var ein politisk tungvektar og vestlandspatriot. Gjennom 20 år på Stortinget, leia han fire komitear, og var olje- og energiminister i Jens Stoltenberg si fyrste regjering. I dag var eg i bisetjinga hans i Stord Kyrkje, ilag med mange andre som han gjorde inntrykk på. Me i Arbeiderpartiet er takksame for at me fekk låne Olav i så mange år. Tankane går til kona, barna og resten av familien. 🕊

Hadia Tajik
2021-08-26 22:18:41

Starta dagen ilag med Jonas på Taxidepoet ved Sola flyplass for å snakke om liberaliseringa av drosjenæringa. 🚖 Arbeiderpartiet vil at: 🌹 Drosjen fortsatt skal vere ein del av det samla kollektivtransporttilbudet 🌹 Det skal vere fylkeskommunal antallsregulering av drosjeløyver med kvalifikasjons- og vandelskrav til løyvehaver 🌹Drosjepolitikken må vere basert på kontroll- og innrapporteringssystemar med same - eller tilsvarande funksjonalitet - som dagens taksameter 🌹 Me er for tilknytningsplikt til drosjesentral og generell driveplikt 🌹 Me er imot ei utvikling der utanlandske app-selskaper skal styre drosjemarkedet

Hadia Tajik
2021-08-25 17:30:06

Det er på tide å snakke fritt og uredd om levde kvinneliv. Me har mykje å lære av kvarandre. I siste utgåve av Tara kan du lese erfaringane til Kirsti Bergstø (SV), Anne Beathe Tvinnereim (Sp) og meg sjølv på kvinnehelse. Alle kvinner eg har møtt ber på slike historier. Og me treng politikarar som vil prioritere kvinnehelse når budsjettar skal lagast.

Hadia Tajik
2021-08-24 20:50:43

Har vore på gardsbesøk i Rogaland i dag. 🚜🐄🌱 Ved eit regjeringsskifte må me få til ein ny kurs for landbruket. Mange fortel at dei vurderer om dei kan, og orker, å fortsette i næringa. Arbeiderpartiet vil tette inntektsgapet mellom dei som jobber i landbruket og andre i samfunnet, og me vil sikre eit landbruk med variert bruksstruktur. Landet vårt treng eit nivå på matvareproduksjon som gjev oss meir tryggleik og større grad av sjølvforsyning. Då må me og vere villige til å betale for det. 🌹

Hadia Tajik
2021-08-16 10:31:56

Det er heilt naudsynt å sikre at pengar som tilhøyrer fellesskapet går til fellesskapet - og ikkje til å skape privat rikdom for nokre få 💪🏻 Difor vil Arbeiderpartiet ha ein gjennomgang av kva koronapengane har gått til. Me veit at: ❌ Smittevern og økonomisk handsaming ikkje gjekk hand i hand ❌ Store bedriftar har fått mykje hjelp, medan mange små bedrifter har falt utenfor ❌ Rekordmange har blitt arbeidsledige, samstundes som folk med mykje pengar ser rekordtal på børsen ❌ I tillegg tok eigarar av ein del bedriftar som fekk krisestøtte ut utbytte, fordi Arbeiderpartiets klare forslag om å...

Hadia Tajik
2021-08-14 18:35:12

Eg vil gjerne at du skal verte kjent med Tom Kalsås. Han er stortingskandidat for Rogaland Arbeiderparti og står på 4. plassen. På NRK sin supermåling denne veka er Tom inne på Stortinget! Men det har òg vore målingar der han har mangla nokre hundre stemmer for å verte vald... Tom er hardtarbeidande, kunnskapsrik og jordnær - og han kan verte din ombudsmann til hausten. I denne videoen får du vite meir om kven han er, og kva han står for. Eg er stolt over å vere på same liste som han 🌹

Hadia Tajik
2021-08-13 18:42:10

Mange som jobber deltid, skulle gjerne heller hatt heil stilling. I dag var stortingskandidat Trine Lise Sundnes og eg ute og møtte tillitsvalde hjå Coop på Storo i Oslo, for å høyre om kva dei treng for å få fleire heiltidsstillingar i sin bransje. Arbeiderpartiet vil mellom anna styrke fortrinnsretten og retten til heltid i lovverket, ved at det er arbeidsgjevar som må dokumentere at deltid er naudsynt ved utlysingar 🌹

Hadia Tajik
2021-08-11 07:17:06

God morgon! ☀️ I sommar laga Stavanger Aftenblad ein podcast med meg om Rogaland, Arbeiderpartiet og livet sjølv. Har du litt tid til overs kan eg halde deg med selskap på øyret, ved at du klikker deg inn på denne lenka: https://play.acast.com/s/918f5f05-e2e3-4216-b23b-10479ad8d7dd/sa-105208

Hadia Tajik
2021-08-10 22:23:54

I dag er det to år sida 17 år gamle Johanne vart drepe, og muslimar var forsøkt massakrert i Al Noor Moskeen i Bærum. Heltemotet til to vaksne menn gjorde at gjerningsmannen vart stansa. Samstundes er det viktig å seie at tryggleiken til muslimar ikkje skal avhenge av heltemot. Det må vere eit felles ansvar, særleg i ei tid der PST åtvarar oss om at høgreekstremismen veks fram. Norske muslimar må få høyre at Norge er heimen deira, og muslimske ungdommar må få kjenne at dei er ein del av vår felles framtid. 🌹

Hadia Tajik
2021-08-09 19:08:41

Aktiv næringspolitikk? Det er å bruke statleg eigarskap, kapital, reguleringar og offentlege innkjøp til å fremje konkurransekrafta til norske bedriftar. Med Arbeiderpartiet i regjering vil landet få ein meir aktiv næringspolitikk ✊🏻🌹 Det kjem landet til å trenge. For dei siste åtte åra har norsk eksport falt stort, handelsbalansen er negativ - for fyrste gong sia 1987. Og berre sia 2015 har landet mista 10.000 sysselsatte i industrien. Det tiåret me er på veg inn i kjem til å vere avgjerande for om me klarer å kutte klimautslepp raskt nok til å sikre eksistensgrunnlaget vårt, og om me klarer å...

Hadia Tajik
2021-08-09 13:54:45

🌹De økonomiske forskjellene mellom folk har økt. De rike har blitt rikere, og folk med alminnelige inntekter har ikke kunnet holde tritt. Formuesskatten er derfor på dagsorden igjen, og det fremmes ulike påstander som ikke er faktabaserte. Jeg går gjennom de mest vanlige her: 𝑃𝑎̊𝑠𝑡𝑎𝑛𝑑: «𝐾𝑢𝑡𝑡 𝑖 𝑓𝑜𝑟𝑚𝑢𝑒𝑠𝑠𝑘𝑎𝑡𝑡𝑒𝑛 𝑠𝑘𝑎𝑝𝑒𝑟 𝑎𝑟𝑏𝑒𝑖𝑑𝑠𝑝𝑙𝑎𝑠𝑠𝑒𝑟» 𝐅𝐚𝐤𝐭𝐚: Nei, det finnes ingen dokumentasjon for dette. Det som derimot finnes er solid dokumentasjon på at kutt i formuesskatten fører til økte forskjeller, fordi skattekuttene går til de som har formue og at pengesummene skattekuttene tilsvarer er større jo større formuene er. Ser vi skattekuttene samla fra da Høyreregjeringen...

Hadia Tajik
2021-08-08 12:16:01

Det er sundag! Tagg nokon i kommentarfeltet som du ser på slik eg ser på cupcakes 🤩 😅

Hadia Tajik
2021-08-06 16:25:11

Eg såg ein baby i Bodø. Eg sakna min eigen baby, som er i Oslo ❤️ Så eg gjekk rett til Bodø-babyen Nikoline og fekk ha ho inntil brystet. Det var så fint! Eg kunne kjenne at det var litt bæsj på gang. Det går så fint, tenkte eg. Og så litt meir. Og så litt meir 😳 Og så: Fullskala bæsjeeksplosjon 😂💩 Heldigvis hadde eg ein ekstra topp med meg… 🥰

Hadia Tajik
2021-08-06 10:31:52

I dag: Bodø 🤩 Med Bjørnar Skjæran! Håper han har tid til å henge litt med meg, og ikkje berre sjå på OL 😅

Hadia Tajik
2021-08-05 17:01:39

For meg har dagen i dag berre handla om arbeid! 💪🏻 Tove Elise Madland og eg besøkte fleire arbeidsplassar på Haugalandet. Sida 2015 har Norge mista 10.000 industriarbeidsplasser, og eksporten har falt mest av alle OECD-landa. Arbeiderpartiet vil at: 🌹 Staten må ta ein meir aktiv rolle for at privat næringsliv skal lukkast: Til dømes vil me gje Statkraft 1 mrd kr og i oppgåve å byggje ut grunninfrastrukturen for å gjere industri utav hydrogen 🌹 Me skal sikre industrien rimeleg, rein og rikeleg med norsk kraft, og sørge for at krafta kjem fram der han trengs 🌹 Den maritime...

Hadia Tajik
2021-08-04 15:51:55

I dag fekk eg halde den politiske talen i bakken på Utøya ❤️✊🏻 Den tradisjonelle AUF-leiren er delt opp i tre festivalar, på grunn av pandemien. Eg grudde meg litt, det var som å gå opp til muntleg eksamen. Men mest av alt er eg glad og takksam for å få vere ein del av den same rørsla som desse ungdommane: Dei ser at verda er større enn kvar enkelt av oss og at me treng meir fellesskap og rettferd. Saman med Arbeiderpartiet kjem dei til å vere garantisten for ein rettferdig klimapolitikk som kutter utslepp og skaper jobbar for...

Hadia Tajik
2021-08-03 08:26:04

Bra at Bjørnar Skjæran og eg utfyller kvarandre 😂 Ein nørd og ein sportsidiot 🌹❤️

Laster...
Laster...