Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
For meg har dagen i dag berre handla om arbeid! 💪🏻 Tove Elise Madland og eg besøkte fleire arbeidsplassar på Haugalandet. Sida 2015 har Norge mista 10.000 industriarbeidsplasser, og eksporten har falt mest av alle OECD-landa. Arbeiderpartiet vil at: 🌹 Staten må ta ein meir aktiv rolle for at privat næringsliv skal lukkast: Til dømes vil me gje Statkraft 1 mrd kr og i oppgåve å byggje ut grunninfrastrukturen for å gjere industri utav hydrogen 🌹 Me skal sikre industrien rimeleg, rein og rikeleg med norsk kraft, og sørge for at krafta kjem fram der han trengs 🌹 Den maritime næringa vår kan skape langt fleire arbeidsplassar, men då må stat og fylker stille meir opp, mellom anna som bestillarar av utsleppsfrie båtar. Dette er det eit internasjonalt marked for. I løpet av dagen rakk me og innom Vepro, ein arbeids- og inkluderingsbedrift. Å ha ein jobb å gå til er viktig for alle. Derfor vil me og satse på Varig Tilrettelagt Arbeid (VTA).

Postet:
2021-08-05 17:01:39

Delt innhold:
Bilete frå innlegget til Hadia Tajik