Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
I dag avslører DN at eit "betydelig antall personer (som) tilhører den norske finanseliten" er samla i ei gruppe på Whatsapp der det mellom anna blir diskutert korleis dei skal ta knekken på Arbeiderpartiet og miljørørsla. Det er bra at dette kjem fram i lyset. Det er eit døme på korleis personer med økonomisk makt somme gonger kan meine at dei har krav på meir politisk makt enn andre. Det har dei ikkje. Arbeiderpartiet vil gje meir makt til vanlege folk. Det betyr slutt på store skattekutt til dei rikaste, og ei maktforskyving - særleg i arbeidslivsspørsmål - til arbeidstakarane. Eg forstår godt at Arbeiderpartiet skremmer vettet av den delen av finanseliten som ønsker at det skal fortsette å bli stadig lettare å tene pengar på å ha pengar fra før, heller enn å tene dei ved å gå på jobben. Det er eg stolt av.

Postet:
2021-09-02 20:46:38

Delt innhold: