Innlegg:
Landet treng eit nytt kulturløft! 🌹 Arbeiderpartiet vil knytte 1 % av statsbudsjettet til kultur. Veksten på statsbudsjettet skal kome heile landet til gode.
Kunst og kultur gjev innsyn og utsyn. Det gjev påkobling og avkobling. Det er viktig når landet går godt og når me opplev krise, fordi det bygg oss som nasjon, og gjev oss perspektiv som menneske.
I dag var eg i Olavshallen i Trondheim med stortingskandidatane Eva Kristin Hansen og May Britt Lagesen, og ordfører Rita Ottervik. Olavshallen er ein viktig kulturinstitusjon for heile regionen. I vårt alternative budsjett har me gjort framlegg om meir pengar til dei og ei rekke andre kulturbygg.
Postet:
2021-09-03 19:26:37