I valgkampen lova Høyre i Oslo å bruke 75 mill kr på arbeidet mot ungdomskriminalitet. No har me fasit: 7,5 mill kr. Deler av pengane er i tillegg teke frå arbeidet mot sosial kontroll. \nTil samanlikning har løftet deira om å kutte i eigedomsskatten har ein fireårsplan, og utgjer det mangedobbelte av satsinga mot ungdomskriminalitet.\n\nLes meir i VG (lenke i kommentarfeltet)
Har snakka om tre sentrale justispolitiske tema:\n✔️ Den sivile beredskapen i ei ny tid\n✔️ Ungdoms- og gjengkriminalitet\n✔️ Vald i nære relasjonar og overgrep mot barn\n\nLenke til intervju i Dagbladet i kommentarfeltet.
Å snakke åpent og ærleg om korleis æreskultur kan skape og forsterke problemer - er òg viktig forebyggingsarbeid. Difor er det relevant å diskutere kvifor heile 86 prosent av kriminelle gjengangarar under 18 år i Oslo har innvandrarbakgrunn.\n\nLes meir i Aftenposten. Lenke i kommentarfeltet.
«Sosial rettferdighet må også gjelde på tvers av generasjonene. Vi har ikke krav på tilgang til større verdier, mer velferd og bruk av naturressursene enn dem som kommer etter oss.»\n\nLes gjerne meir i Dagsavisen i dag. Lenke i kommentarfeltet.
Sarah Gaulin er ei modig stemme frå Søndre Nordstrand i Oslo. Ho har snakka om æreskultur, gjengkultur og ungdomskriminalitet - og kan mykje om dette som dagleg leiar i organisasjonen LIM (Likestilling, Integrering, Mangfold). Me hadde eit kaffitreff i går. ☕️ Og i kveld skal eg i Debatten på NRK om same tema. Me sjåast.
Kjekt med boklansering på Kulturhuset i Oslo i kveld 🌹 Kristin Halvorsen, som har vore med og laga rapporten frå Klimautvalget 2050, styrte samtalen om boka, og Mathilde Tybring-Gjedde (H), Gaute Børstad Skjervø (AUF), og Adele Matheson Mestad (Norges Institusjon for Menneskerettigheter) delte sine perspektiv på klima og økonomi.\nDet må vere lov å håpe at programarbeidet i dei ulike politiske partia framover tek innover seg at me må gjere langt meir for å lukkast med klimaomstillinga, enn det me gjer i dag, og mykje handler om styringsendringar.
Sivilbefolkninga på Gaza lever, og døyr, i ei ekstrem krise no. Når tilgang til omverda er blokkert, er det få vitner til det som speler seg ut under Israelske angrep. Israel har varsla ei eskalering.\n\nDet fins reglar for krig - og for sjølvforsvar. Å drepe sivile er ikkje ein del av det. Å svare med uforholdsmessige angrep er heller ikkje ein del av det. \n\nMange av oss vart opprørt over Hamas sitt terrorangrep mot israelske sivile tidlegare i oktober. Med sitt svar på terroren skyv Israel no folk frå seg. Sivile på Gaza må få tilgang til mat, vatn, medisinar...
Det er opprørande å lese korleis lokalpolitikar for Arbeiderpartiet, Sarah Gaulin, har opplevd det å stå i viktige debattar. Når det har gjort at ho vil flytte frå bydelen sin, så er det eit fareteikn me må ta på alvor. Ho er ei modig stemme som norsk offentleg debatt treng.\n\nGjennom dei siste åra har Arbeiderpartiet lokalt og nasjonalt arbeida for å forebygge og kjempe mot kriminalitet og æreskultur, men historiar som Gaulin sin viser at det fortsatt er ein lang veg å gå. \n\nSom justispolitisk talsperson er det viktig for meg at folk føler seg trygge til å delta i...
I dag vart eg vald til justispolitisk talsperson for Arbeiderpartiet. Det er eit felt eg kjenner godt og er glad i. Særleg arbeidet med nasjonal beredskap, vald i nære relasjonar og grunnleggjande rettsprinsippar som er med på å gjere landet vårt tryggare og meir rettferdig. Eg ser fram til samarbeidet i justiskomiteen på Stortinget, og med justisministaren.\n\nMen fyrst: God helg 🌹
I neste veke kjem boka mi om klima og økonomi: «Drømmer for min datter». Her kan du lese første kapittel: Om det grønne huset i Bjørheimsbygd som ein spansk familie kjøpte i fjor for å komme seg vekk frå hetebølgene i Madrid om sommaren.\n\nHar du lyst å bestille ei signert bok? Klikk på lenka i kommentarfeltet ✍️
Interessant å sjå at Ekspertutvalget om barn i fattige familiar i dag foreslår for regjeringa at barnetrygden bør aukast og vere ein del av berekningsgrunnlaget for inntektsskatten. Eg foreslo det same i november i fjor, og meiner sterkt at tida er overmoden for dette, både for at familiane skal få betre råd - men også fordi det sikrer berekraft i statsbudsjettet for dei neste generasjonane (ved at me ikkje berre auker utgiftssida utan å ha planar for kor pengane skal kome frå). No skal ekspertutvalgets forslag på høring - så får me sjå kor det politiske fleirtalet ligg seinare. Eg...
Israels blokade av og angrep mot palestinske sivile på Gaza skaper naud, kaos og død. Å ikkje gje folk tilgang til mat, vann, drivstoff, medisinar og medisinsk utstyr er inhumant. Etter terrorangrepet frå Hamas sa den israelske forsvarsministaren at «reglene for krig har endra seg». Men nei, folkeretten er den same. Dei grunnleggjande moralske prinsippa som ligg til grunn for den finstemte jussen i samband med slike kriser er støtt dei same. Det er totalt uakseptabelt å straffe sivile og uskuldige for eit terrorangrep som andre er ansvarlege for. Eg er svært uroa over at israelske myndigheiter ser ut til...
I slutten av oktober kjem boka mi «Drømmer for min datter» som eg har jobba med på fritida det siste året. I boka kan du bli kjent med ein spansk familie som har kjøpt hus i Bjørheimsbygd i Rogaland, fordi Madrid har blitt for varmt om sommaren. Du kan lese om spansk fagrørsle og kampane dei har stått i for arbeidsfolk som har risikert liv og helse under hetebølger. Og du kan lese om ansvaret me har for å forvalte det me har til det beste for generasjonane som kjem etter oss.\n\nBoka viser kor tett samanvevd økonomi og økologi er,...
I ei tid med mykje populisme og enkle forklaringar er det nyttig å kunne si historie. Det kan verkleg Jonas Bals. I ein kommentar i Dagsavisen viser han kor fort gjort det er å gå ytre høgre sitt ærend. Å setje opp ein stor konflikt mellom «globalistar» på den eine sida og «stedbundne» på den andre (somewheres/ anywheres), har blitt gjort før. \n\nI teksten skriv Bals mellom anna om korleis denne analysen: «…har vært preget av en stadig stigende moralsk panikk over kulturelt mangfold, der helt reelle problemer knyttet til arbeidsløshet, fattigdom og en klasseblind politisk klasse reduseres til et...
Hamas har med sitt terrorangrep mot Israel gjort livet meir utrygt, både for israelarar og palestinarar. Det er frykteleg å lese om drap og kidnapping av sivile, og om fortvila familiar som saknar sine. \nIsrael har rett til å forsvare seg. Forsvaret må vere proporsjonalt for å vere i tråd med folkeretten, og må skilje mellom sivile og militære mål. Eg er uroa for valdseskalering, for dei som er kidnappa av Hamas, for sivilbefolkningen på Gaza og for ringverknadene denne valden vil få i lang tid framover. Israelsk okkupasjon og ulovlege bosettingar av palestinsk jord over mange år er heilt...
Det regna litt under framlegginga av statsbudsjettet i Stavanger ☔️😅 Men ikkje meir enn at Olje- og energiminister Terje Aasland, Landbruksminister Geir Pollestad og eg fekk sagt noko om viktige sakar på energifeltet:\n🌹 Opp mot 80 nye stillingar som kan handsame konsesjonssøknader for utbygging av kraft og nett raskare\n🌹 148 mill kr til arbeidet med havvind på norsk sokkel\n🌹 Enova og Husbanken får nesten ein milliard kroner til saman for å forsterke arbeidet med energieffektivisering\n\nAllereie tidlegare i haust blei det klart at Oljedirektoratet no vert omforma til eit Sokkeldirektorat - noko som viser at regjeringa ser den viktige rolla Rogaland...
Då er det 168. Storting formelt i gang 🌹\n\nBilde 1: Rogalandsbenken\nBilde 2: Tina Bru (H) og meg - me sit ilag i stortingssalen\nBilde 3: 📸❤️ Mitt favorittaugneblink under opninga - når regjeringa bukker/ neier for stortingspresidenten. Det signaliserer at all makt skal ligge i Stortinget, i eit parlamentarisk system som vårt.
Emmanuel Revis fekk i dag Kongens fortjenestemedalje🎖️ Han er psykologspesialist, og har i over 20 år vore sentral i å sikre rettane til personer med psykisk utviklingshemming som har gjort noko straffbart. I sum har arbeidet hans på psykologisk rehabilitering og rettspsykiatri gjort Norge meir sivilisert, og sikra langt fleire omsorg og helsehjelp. Eg hadde gleda av å få gode råd og innspel frå Revis då eg var leiar for justiskomiteen på Stortinget i perioden 2013-17. Det var ei ære å få delta på markeringa i Trondheim, der han no har fått den største anerkjenninga ein kan få i dette...