Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
Aktiv næringspolitikk? Det er å bruke statleg eigarskap, kapital, reguleringar og offentlege innkjøp til å fremje konkurransekrafta til norske bedriftar. Med Arbeiderpartiet i regjering vil landet få ein meir aktiv næringspolitikk ✊🏻🌹 Det kjem landet til å trenge. For dei siste åtte åra har norsk eksport falt stort, handelsbalansen er negativ - for fyrste gong sia 1987. Og berre sia 2015 har landet mista 10.000 sysselsatte i industrien. Det tiåret me er på veg inn i kjem til å vere avgjerande for om me klarer å kutte klimautslepp raskt nok til å sikre eksistensgrunnlaget vårt, og om me klarer å skape arbeidsplassar samtidig. I dag vitja stortingskandidat Tom Kalsås og eg batterifabrikken Beyonder og mineralselskapet Norge Mining i Rogaland, for å høyre kva dei treng i åra framover.

Postet:
2021-08-09 19:08:41

Delt innhold:
Bilete frå innlegget til Hadia Tajik