Beta
Søket ga 308 treff.
Olve Grotle
2023-03-09 20:30:22

Interessant “Vestlandsmøtet 2023” i det nye fylkehuset i Bergen😊\nPresentasjon av Havbyen Bergen, og eg nytta høve til å snakke litt om det under den avsluttande paneldebatten. Her må absolutt alle gode krefter spele på lag💪

Olve Grotle
2023-03-08 15:35:02

Jøss! 36,9%🤩 Meiningsmåling med dette talet er sterkt på så mange måtar💙

Olve Grotle
2023-03-08 12:55:25

Gratulerer med dagen! Vi treng endå fleire kvinner inn i politikken! Her er nokre av dei engasjerte og dyktige kvinnene i partiet vårt, som kan inspirere endå fleire til å bli med💙

Olve Grotle
2023-03-05 11:06:41

Advokaten i meg må av og til få ytre seg📣\n\nDerfor har han nå skrive innlegg om at Høgsterett har sett skapet på plass, og fjerna eit regjeringsskapt rettsleg kaos om elsparkesykkel-promille🛴\n\nEg er einig med han😊

Olve Grotle
2023-03-03 18:33:14

Eg seier som min gode kollega, Liv Kari Eskeland: Vi vart sterkt kritisert av Ap og SP då vi ikkje ville prioritere gratis ferjer. For Høgre var det viktigare å opptetthalde rutetilbud og halvere ferjetakst, framfor at enkelte strekningar skulle bli gratis. Det meiner tydelegvis fylkespolitikarane frå regjeringspartia i M&R også. Det er ikkje vanskeleg å forstå at dei blir opprørt.

Olve Grotle
2023-03-02 06:52:51

God morgon☕️ Les i NRK om dei sterke reaksjonane på regjeringa si dårlege behandling av Vestlandet og næringslivet. \n\nEin av dei som har reagert på regjeringa sin manglande verdsetting av landsdelen og næringslivet vårt, er Inge Halstensen frå Austevoll. \n\nEg besøkte han tidlegare i haust, og - som eg seier til NRK - det burde fleire ha gjort.\n\nI går konstatere forresten Bergen Tidende at: “Regjeringa viser igjen at dei gjev blaffen i Vestlandet”\n\nhttps://www.nrk.no/vestland/vestlandsoppror-mot-den-_mest-fiendtlege-regjeringa-i-manns-minne_-1.16317521

Olve Grotle
2023-02-25 09:32:47

På mini-turneen min i Sogn kom eg over denne spennande bedrifta i Årdal.\n \nFjordAlg AS arbeider med å utvikle eit mikroalgebasert produkt for pigmentering av laks og ørret. Målet er å etablere ein fornybar og heilelektrisk industriell produksjon av astaxanthin. \n\nDette er ein heilt nødvendig fôringrediens, som i dag må importerast. Prosjekta blir støtta av Innovasjon Norge og Forsknings-rådet. Kort sagt vil produkta vere eit viktig bidrag til fiskehelsa, og faktisk òg vere med på å gi fisken den flotte og friske fargen ein glad og sunn laks har.\n \nLangt inne i Sognefjorden finn ein altså nok eit resultat av...

Olve Grotle
2023-02-24 18:27:47

Korleis skal vi oppretthalde Flåm som ei av verdas mest spektakulære cruise-destinasjonar etter 2026 når vi samstundes ønsker null- utslepp i verdsarvfjordane våre? Møte og gode samtaler i Flåm😊

Olve Grotle
2023-02-24 16:03:03

Lærdalstunnellen må vere open delar av døgnet❗️Aurland og Lærdal i dag, med tema stenging av Lærdalstunnellen pga opprusting.\n\nMøte med vossingar, aurlendingar og lærdølar med klare og sterke meiningar om stenginga📣\n\nDet er rett og slett ikkje aktuelt å stenge tunnellen fullstendig! Nå må samferdsleministeren kome med ei løysing kor tunnelen berre blir delvis stengt, og det må vere ei formålstenleg, klar og god løysing!\n\nKollega Liv Kari Eskeland og eg er samd i dette, og har tidlegare både tatt dette opp med ministeren og lagt til rette for dette i vårt forslag til statsbudsjett. \n\nNå reknar vi med at planane om fullstendig...

Olve Grotle
2023-02-24 06:55:00

I dag er det 1. år sidan Russland gjekk til angrep på Ukraina. \n\nI eit år har det ukrainske folket kjempa ein tapper forsvarskamp mot ei brutalt og omsynslaus militærmakt, som agerar på måte vi ikkje trudde vi skulle få oppleve i Europa igjen. \n\nFørst stod dei nesten åleine, men etter kvart har nesten heile den frie verda stilt opp. Med alle former for hjelp, og ikkje minst gitt det ukrainarane mest av alt ber om; våpen som dei kan forsvare seg med. Heldigvis har vi i Norge også stilt opp.\n\nI dag tenkjer vi på alle dei som lir og...

Olve Grotle
2023-02-22 18:08:03

Muntleg spørjetime med fiskeriministeren. Ser eg litt oppgitt ut? Det er fordi eg ikkje fekk eit skikkeleg svar på nokon av spørsmåla mine. Det første spørsmålet var slik:\n\nPresident!\nDen 27. september i fjor uttalte fiskeri- og havbruksminister Bjørnar Skjæran til intrafish at sjømatnæringa må bidra tungt dersom ein skal nå regjeringa sitt mål om å auke norsk eksport med 50% innan 2030, utanom olje og gass.\n\nDagen etter kom regjeringa sitt forslag til grunnrente på havbruk. \nKonsekvensane av forslaget så langt kjenner vi; \n• Det er skapt stor politisk usikkerheit\n• investeringar for 40 milliarder i innovative, grøne og bærekraftige løysingar er lagt...

Olve Grotle
2023-02-20 18:05:57

Besøk på Jæren🙌\n\nKverneland Industrier starta i ei smie på Jæren i 1879. I dag er den ein verdsleiande produsent av landbruksreiskaper. Den driftige Kvernelandfamilien har starta opp fleire verkstader, og i dag besøkte vi Kverneland Energi. Gaselle-verksemd utviklar og produserer produkt og løysingar for fornybar energi🔋 \n\nBesøk på Nyyyt var nettopp det😊 Nyyyt er ei familiebedrift som held til i nydeleg landskap på Røysland Gaarder og som har eit sterkt fokus på kvalitetsmat - og fornybar energi. \n\nFlott dag med Margret Hagerup, Politiker Guro Angell Gimse og Hårek Elvenes

Olve Grotle
2023-02-17 15:57:42

Eg har besøkt Årdal. Verdiskapingsbygda. Det bør alle som er opptatt av verdiskaping gjere😊\n \nÅrdal Utvikling, Årdal Teknologipark, Hydro, Sogn Opplæringskontor og andre fortalte om ein optimisme, satsing og framtidstru som ein rett og slett blir glad av å høyre👍\n \nRekruttering må til, tenkjer du? Vel i teknologiparken styrar elevar frå fagskulen på, og 8. og 9. klassingar får undervisning her fleire timar i veka. Ikkje nok med det, forresten. Her kjem til og med barn frå barnehagen, og får opplevingar i det som er det Årdalske «Newton-rommet». Ikkje så rart, kanskje. For i same byggekompleks finn ein dei over...

Olve Grotle
2023-02-16 17:20:09

Mineralseminar i regi av Norsk Bergindustri. \n\nOrientering om EU sitt arbeid med mineral-strategi, særleg om kritiske mineraler. Kina kontrollerer store delar av marknaden for mineral og metall som er heilt nødvendige for det grøne skiftet. Det er derfor nå eit svært stort fokus i heile den vestlege verda i å gjere seg uavhengig av eit enkelt land.\n\nOrienteringar frå norske offentlege organisasjonar og næringsdrivande i ein bransje som er svært allsidig og med mange ulike produkt. \n\nIkkje uventa dukka det også opp ein kjenning frå vårt område. Ivar Fossum orienterte om Nordic Mining, som vil bli den første nye gruva på...

Olve Grotle
2023-02-16 09:25:42

Eit samla Storting - men unntak av Raudt - stiller seg bak Ukraina-pakken. Hjelpa blir kalla Nansen-programmet. Det er Norge på sitt beste🙌 Slava Ukraini🇳🇴🤝🇺🇦

Olve Grotle
2023-02-15 19:48:42

Årsmøte i Årdal Høgre. God stemning, godt i rute med nominasjonen, og snart klar til valkamp😊 Nokon blir takka av for god innsats, og nokon blir valt til nye oppgåver. Akkurat slik det skal vere i eit partilag💐👏👏👏\n\nTakk for fin dag i Årdal, Knut Arne Klingelberg, og gratulerer som ny lokallags-leiar👍💙

Olve Grotle
2023-02-14 15:32:47

Vestlandskonferansen i Grieghallen, med handlekraft som overskrift. \n\nHandlekraft til vestlendingen, i krisetid, til det grøne skiftet, til fornybar energi og for å auke verdiskapinga💪\n\nVi flyr el-fly i rute mellom Bergen og Stavanger i 2026, og årets bedrift blei kåra; AS Spilka industri💐\n\nVadsøværingen Kristin Harila har klatra 12 av dei 14 høgste fjella i verda, i eit rekordforsøk på tid. Ho måtte gi opp pga visumproblem på dei to siste fjella, men for ein prestasjon👏👏👏

Olve Grotle
2023-02-13 17:16:11

Å reise på bedriftsbesøk i Bergen er nesten som å vere heime😊🙌\n \nKJ. Brusdal/NorEngros minte meg på at eg som ordførar hadde klipt snora under opninga av butikk dei har i Førde🇳🇴🍾\n\nTertnesgruppen v/Jan Olav Jørgensen kjente Sunnfjord nesten like godt som eg sjølv. God kompis med Tore Fossen var han òg, så då må han vere ein bra kar😉\n \nTilbakemeldingane frå desse to bedriftene var mykje likt det vi stadig oftare får høyre. Skal bedriftene vekse og skape nye jobbar må vi bli flinkare til å legge til rette for dei.\n\nBodskapen er høgaktuell: I dag kom Vestlands-indeksen som viser at...

Olve Grotle
2023-02-13 15:24:43

Vi må få meir kunnskap om sjømat-næringa vår!\n \nEg har tatt til orde for at vi politikarar må få meir og bedre kunnskap om sjømat-næringa vår, og at næringa må bidra meir til dette.\n \nInitiativet har blitt godt mottatt, og nå får eg tilbakemeldingar frå organisasjonar og bedrifter i næringa om at det skal gjerast ein innsats fram mot kommunevalet.\n \nDet er flott! For kva kan vel vere betre enn å få ein invitasjon til å få vite meir om den mest fantastiske næringa vi har? Kanskje til og med få ein smakebit på den fantastiske sjømaten vi har😊

Olve Grotle
2023-02-11 09:42:54

God morgon☕️ 34,6%🤩 Beste Høgre-måling nokon gang💙

Laster...
Laster...