Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
Eg har besøkt Årdal. Verdiskapingsbygda. Det bør alle som er opptatt av verdiskaping gjere😊\n \nÅrdal Utvikling, Årdal Teknologipark, Hydro, Sogn Opplæringskontor og andre fortalte om ein optimisme, satsing og framtidstru som ein rett og slett blir glad av å høyre👍\n \nRekruttering må til, tenkjer du? Vel i teknologiparken styrar elevar frå fagskulen på, og 8. og 9. klassingar får undervisning her fleire timar i veka. Ikkje nok med det, forresten. Her kjem til og med barn frå barnehagen, og får opplevingar i det som er det Årdalske «Newton-rommet». Ikkje så rart, kanskje. For i same byggekompleks finn ein dei over 100 personane i Hydro sitt forskingssenter for elektrolyseteknologi, som gjer Årdal til den plassen i landet med flest doktorar i forhold til folketalet👩‍🎓\n \nEit besøk i det flotte «industrimuseet» fortel at Årdal har hatt verdiskaping heilt sidan 1700-talet, basert på naturressursane. Og beskjeden er klar: Verdiskapingsbygda har tenkt å halde på dei neste 300 åra òg💪\n \nBravo, rett og slett💐👏👏👏

Postet:
2023-02-17 15:57:42

Delt innhold:
Fotografii din postarea lui Olve Grotle