Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
I dag er det 1. år sidan Russland gjekk til angrep på Ukraina. \n\nI eit år har det ukrainske folket kjempa ein tapper forsvarskamp mot ei brutalt og omsynslaus militærmakt, som agerar på måte vi ikkje trudde vi skulle få oppleve i Europa igjen. \n\nFørst stod dei nesten åleine, men etter kvart har nesten heile den frie verda stilt opp. Med alle former for hjelp, og ikkje minst gitt det ukrainarane mest av alt ber om; våpen som dei kan forsvare seg med. Heldigvis har vi i Norge også stilt opp.\n\nI dag tenkjer vi på alle dei som lir og smerter i denne krigen, og alle dei som har gitt bort det mest dyrebare dei har. Vi håper så sterkt vi kan at forsvarskrigen blir vunnen, og at Ukraina så raskt som råd kan få leve i fred og få bygge opp att landet sitt.\n\nSlava Ukraini🇳🇴🤝🇺🇦

Postet:
2023-02-24 06:55:00

Delt innhold: