Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
Mineralseminar i regi av Norsk Bergindustri. \n\nOrientering om EU sitt arbeid med mineral-strategi, særleg om kritiske mineraler. Kina kontrollerer store delar av marknaden for mineral og metall som er heilt nødvendige for det grøne skiftet. Det er derfor nå eit svært stort fokus i heile den vestlege verda i å gjere seg uavhengig av eit enkelt land.\n\nOrienteringar frå norske offentlege organisasjonar og næringsdrivande i ein bransje som er svært allsidig og med mange ulike produkt. \n\nIkkje uventa dukka det også opp ein kjenning frå vårt område. Ivar Fossum orienterte om Nordic Mining, som vil bli den første nye gruva på 40 år.

Postet:
2023-02-16 17:20:09

Delt innhold:
Photos from Olve Grotle's post