Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
På mini-turneen min i Sogn kom eg over denne spennande bedrifta i Årdal.\n \nFjordAlg AS arbeider med å utvikle eit mikroalgebasert produkt for pigmentering av laks og ørret. Målet er å etablere ein fornybar og heilelektrisk industriell produksjon av astaxanthin. \n\nDette er ein heilt nødvendig fôringrediens, som i dag må importerast. Prosjekta blir støtta av Innovasjon Norge og Forsknings-rådet. Kort sagt vil produkta vere eit viktig bidrag til fiskehelsa, og faktisk òg vere med på å gi fisken den flotte og friske fargen ein glad og sunn laks har.\n \nLangt inne i Sognefjorden finn ein altså nok eit resultat av suksessen til havbruksnæringa vår, som gjennom sin unike globale posisjon og finansielle kraft, legg grunnlaget for verdsleiande forskingsmiljø og bedrifter knytt til teknologi, fiskehelse og bærekraft.

Postet:
2023-02-25 09:32:47

Delt innhold: