Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
Muntleg spørjetime med fiskeriministeren. Ser eg litt oppgitt ut? Det er fordi eg ikkje fekk eit skikkeleg svar på nokon av spørsmåla mine. Det første spørsmålet var slik:\n\nPresident!\nDen 27. september i fjor uttalte fiskeri- og havbruksminister Bjørnar Skjæran til intrafish at sjømatnæringa må bidra tungt dersom ein skal nå regjeringa sitt mål om å auke norsk eksport med 50% innan 2030, utanom olje og gass.\n\nDagen etter kom regjeringa sitt forslag til grunnrente på havbruk. \nKonsekvensane av forslaget så langt kjenner vi; \n• Det er skapt stor politisk usikkerheit\n• investeringar for 40 milliarder i innovative, grøne og bærekraftige løysingar er lagt på is\n• ny produksjonskapasitet har ikkje blitt kjøpt\n• næringa har begynt å gjere endringar i selskapsstrukturane utan heilt å vite om det er fornuftig eller riktig\n• børsverdiane har gått opp og ned\n• fleire havbruksselskap fortel at dei nå heller ser mot utlandet og satsing der\n\nSamtidig som den nye lakseskatten alt har begynt å gjelde, veit næringa framleis verken kva skattenivå dei må innrette seg etter eller korleis ordninga blir.\n\nSer statsråden at det som har skjedd dei siste månadane har vore til hinder for at havbruksnæringa skal kunne bidra tung for å nå målet om auka eksport?

Postet:
2023-02-22 18:08:03

Delt innhold: