Beta
Søket ga 444 treff.
Hadia Tajik
2019-11-11 11:51:09

Det vert 2.200 kr billegare å ha barn i barnehagen med Arbeiderpartiet i regjering. https://www.nrk.no/norge/arbeiderpartiet-vil-senke-barnehageprisen-med-2200-kroner-per-ar-1.14777293

Hadia Tajik
2019-11-09 08:37:12

På tide at pengesterke folk som kjøper luksuselbil betaler litt moms til fellesskapet. https://www.abcnyheter.no/nyheter/norge/2019/11/09/195625334/ap-vil-ha-et-tak-pa-momsfritaket-for-elbiler

Hadia Tajik
2019-11-07 20:16:18

Flott gjeng på ordførarkonferansen vår! De står på for vanlege folk over heile landet. 65 prosent av innbyggjarane bur no i ein Ap-styrt kommune. Det er me stolte av.

Hadia Tajik
2019-10-31 20:48:15

Me har ikkje tid til å vente ei gransking, utgreiing eller gjennomgang. Alle dei som er ramma av trygdeskandalen bør få igjen pengane sine straks! https://www.nrk.no/norge/_-nav-bor-betale-tilbake-pengane-straks-1.14764750?fbclid=IwAR3aZLSPyD86J7B_2NxXKva07pw-bZjeCuCubYPhfqCvto1CkGsMlCE6Uu0

Hadia Tajik
2019-10-28 22:31:34
Jonas Gahr Støre

Saken om at flere titalls mennesker er uriktig dømt for trygdesvindel, er en skandale. Uskyldige mennesker har fått livet snudd på hodet - mange er dømt til fengselsstraff, enda flere har mistet støtte de etter regelverket skulle ha fått. Det er helt grunnleggende for tilliten til rettsstaten at det ryddes opp i dette. Vi forventer at regjeringen og NAV deler all informasjon om hvordan dette kunne skje, og at Stortinget får en grundig gjennomgang av saken. Og like viktig: Alle som er rammet, må få oppreising og en dyp beklagelse.

Hadia Tajik
2019-10-24 12:28:06

Tida er inne for ei storreingjering i norsk arbeidsliv. Kronikk ilag med nestleiarkollega Bjørnar Skjæran. Les og diskuter gjerne i kommentarfeltet! https://www.vg.no/nyheter/meninger/i/AdWOlM/paa-tide-med-en-storrengjoering-i-arbeidslivet

Hadia Tajik
2019-10-19 23:06:54

I dag vil eg dele oppdateringa til Bent Høie (H). For dette går berre ikkje an. Hat og hets mot homofile må ta slutt. Førebygging av alvorleg og farleg smitte av HIV-viruset er ein viktig del av folkehelsearbeidet. Dei som vil ta ein debatt om prioritering av pengebruk, må gjere det utan å sjikanere andre. Eller berre halde munn.

Hadia Tajik
2019-10-13 14:06:22

Møtte ein økonom. Snakka litt om finanspolitikk.

Hadia Tajik
2019-10-07 22:11:08
Arbeiderpartiet

Vi vil ha et mer rettferdig og klimavennlig Norge, der flere får muligheten til å være i jobb.

Hadia Tajik
2019-10-06 09:55:03

Nestleiar-kollega Bjørnar skriv godt om vannkrafta og bruk av naturressursar i dette innlegget. At det må liggje ein samfunnskontrakt til grunn der vertskommunane må få sin andel av verdiskapinga. Verdt å lese!

Hadia Tajik
2019-10-05 15:21:41

Arbeidshelg. Måndag kjem statsbudsjettet. Det landet vårt treng framover er at klimautslepp og økonomiske forskjellar mellom folk går ned, samstundes som fleire folk kjem i jobb. Dette kjem Arbeiderpartiet til å jobbe for.

Hadia Tajik
2019-10-04 19:09:08

Regjeringa må kome til Stortinget for å forklare kva dei gjer for å få norske barn i Syria heim. Jeg er glad for at heile Stortinget i dag slutta seg til Ap sitt forslag om dette. I tillegg må dei fortelje kva som no er status for eit rettsoppgjer i regionen, og kva dei veit om grunnlaget for å pågripe og straffeforfølgje norske statsborgarar som har vore IS-krigarar. Dette framlegget har handla om å plassere ansvar der det høyrer heime, hjå regjeringa. Og å sikre at dei gjer alt som er trygt og tenleg å gjere for å hjelpe barn...

Hadia Tajik
2019-10-01 10:52:42

I dag kjem ei rapport om endringar i domstolstruktur. I praksis inneber det mange nedleggingar. Arbeiderpartiet kjem ikkje til å støtte dette. Me meiner at digitalisering gjer det mogleg å halde på dei kompetansearbeidsplassane dette er, heller enn å legge ned. I tillegg treng domstolane meir pengar for å sikre kvalitet og effektivitet. Det har me gjort framlegg om i våre alternative budsjett.

Hadia Tajik
2019-09-30 14:35:50

For Arbeiderpartiet er det viktig å investere i fornybare energikjelder, og at dette vert gjort på rettferdig måte. Det inneber at lokalsamfunn som husar naturressursane skal ha sin del av verdiskapinga. Dette bør vere ein del av samfunnskontrakten i landet vårt. Tidlegare har høyreregjeringa brote denne samfunnskontrakten, mellom anna då dei fjerna maskinskatten og ikkje gav kommunane kompensasjon for det. I dag kom kraftskatteutvalet si innstilling. Den må me bruke tid på å sjå gjennom. Men utgangspunktet for Arbeiderpartiet er allereie klart: Verdiskapinga som kjem av investeringar i fornybar industri skal òg gje lokalsamfunna våre fleire skatteinntekter. Framlegg som ikkje...

Hadia Tajik
2019-09-27 08:21:29

Gratulerer til alle tilsette i Foodora! Dei har vist at det er mogleg å trygge arbeidsfolk, samstundes som ny teknologi gjev oss fleire arbeidsplassar. Ein viktig streik er no over - dei tilsette har fått tariffavtale. https://www.dagsavisen.no/innenriks/foodora-streiken-avsluttet-signerer-tariffavtale-1.1591973?utm_source=Nyhetsbrev+fra+Dagsavisen&utm_campaign=8c41534696-EMAIL_CAMPAIGN_2018_04_11_COPY_01&utm_medium=email&utm_term=0_d68682790c-8c41534696-163599541

Hadia Tajik
2019-09-25 16:15:12

Det har noko å seie kven som styrer ein by eller eit land. Medan kulturminister Trine Skei Grande (V) i høyreregjeringa ikkje støtta Bodø sitt arbeid for å verte Europeisk kulturhovudstad, så gav ikkje ordførar Ida Pinnerød frå Ap seg. Ilag med dei mange kulturaktørane i Bodø og andre støttespelarar har ho no sørga for at Bodø vert European capital of cultur i 2024 med alt som det inneber av nysatsingar og moglegheiter for norsk kulturliv. Gratulerer!

Hadia Tajik
2019-09-19 12:05:48

Det har kome framlegg om å flytte leiinga i Arbeidstilsynet frå Stavanger til Bergen. Dette er eg og Arbeiderpartiet i mot. Nærings- og arbeidslivet i Rogaland fortener at Arbeidstilsynet vert styrka, ikkje svekka. Særleg no - når me veit at arbeidslivskriminaliteten vert grovare og meir organisert, og det er sett i verk viktige lokale initiativ som Uro-patrulje og Rogalandsmodell med krav til seriøse aktørar. Er denne sentraliseringa resultatet av høyreregjeringa si kuttpolitikk, at Arbeidstilsynet no må sentralisere alt dei kan? Eg har i dag teke kontakt med Arbeidsministaren for å få ei avklaring av om ho kjem til å stanse...

Hadia Tajik
2019-09-17 14:04:35

Dei veit å gjere ting vanskeleg for folk som allereie har det vanskeleg, denne høyreregjeringa... No vil dei kutte i skjermingstillegget til uføre pensjonistar. Årsaka er at regjeringa sjølv ikkje har lukkast med å få fleire fullt ut arbeidsføre pensjonistar i jobb. Heller enn å gjere det lettare for seniorar å vere i arbeid, vil dei no kutte i pengane til dei som faktisk ikkje kan vere i arbeid! Dette er usosialt. Arbeiderpartiet sørga for at uføre pensjonistar fekk eit skjermingstillegg. Folk må få ein verdig alderdom, sjølv om dei har hatt uflaks tidlegare i livet og blitt uføre. Det...

Hadia Tajik
2019-09-10 21:38:43

Sjølv om valresultatet for Arbeiderpartiet ikkje vart det me håpa på, er det likevel ein del å glede seg over: I Stavanger ligg det no an til skifte, på grunn av dyktige Kari Nessa Nordtun og laget hennar, i Namsos har knallsterke Arnhild Holstad klart å få oppslutningen om partiet opp! I Rogaland er erfarne Marianne Chesak i forhandlingar om å leie fylket, og slik kan me fortsette: Tonje Brenna kan leie eit raudgrønt Viken, Raymond Johansen leier Oslo i fire nye år, Rita Ottervik leier Trondheim, og Marianne Sivertsen Næss er fyrste valde kvinnelege ordførar i Hammerfest. Dette er...

Hadia Tajik
2019-09-08 12:16:58

På valkampen sin siste dag vil eg berre seie takk: Takk til alle som bruker stemmeretten sin. Takk til alle som gjer ein jobb for folkestyret ved å stille til val. Takk til alle som held Arbeiderpartiet som organisasjon oppe gjennom grasrotarbeid: Steike vaflar, dele ut roser og snakke om kva me ønsker å få gjennomslag for. I videoen kan du sjå Jonas sin sterke sluttappell frå den siste partileiardebatten. Godt val til dykk alle.

Laster...
Laster...