Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
For Arbeiderpartiet er det viktig å investere i fornybare energikjelder, og at dette vert gjort på rettferdig måte. Det inneber at lokalsamfunn som husar naturressursane skal ha sin del av verdiskapinga. Dette bør vere ein del av samfunnskontrakten i landet vårt. Tidlegare har høyreregjeringa brote denne samfunnskontrakten, mellom anna då dei fjerna maskinskatten og ikkje gav kommunane kompensasjon for det. I dag kom kraftskatteutvalet si innstilling. Den må me bruke tid på å sjå gjennom. Men utgangspunktet for Arbeiderpartiet er allereie klart: Verdiskapinga som kjem av investeringar i fornybar industri skal òg gje lokalsamfunna våre fleire skatteinntekter. Framlegg som ikkje støtter opp om dette, vil me arbeide mot. https://www.aftenposten.no/okonomi/i/1nwgmJ/Kraftkommuner-kan-miste-3-milliarder-i-direkteinntekter

Postet:
2019-09-30 14:35:50

Delt innhold:
Utvalg vil droppe kommunal skatt fra vannkraft
Et ekspertutvalg går inn for å avvikle spesialordningene som gir kommuner direkte skatteinntekter fra vannkraft. Sentralisering av verste sort, raser Sp.