Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
Det har kome framlegg om å flytte leiinga i Arbeidstilsynet frå Stavanger til Bergen. Dette er eg og Arbeiderpartiet i mot. Nærings- og arbeidslivet i Rogaland fortener at Arbeidstilsynet vert styrka, ikkje svekka. Særleg no - når me veit at arbeidslivskriminaliteten vert grovare og meir organisert, og det er sett i verk viktige lokale initiativ som Uro-patrulje og Rogalandsmodell med krav til seriøse aktørar. Er denne sentraliseringa resultatet av høyreregjeringa si kuttpolitikk, at Arbeidstilsynet no må sentralisere alt dei kan? Eg har i dag teke kontakt med Arbeidsministaren for å få ei avklaring av om ho kjem til å stanse ei slik utflytting.

Postet:
2019-09-19 12:05:48